Marinøkologi for lærarar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 2.5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- BIO630
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gi grunnleggande kunnskapar om marine økosystem retta mot lærarar og andre som driv med undervisning og formidling. Emnet marine økosystem skal formidle forståing for samspelet mellom marine organismar og miljøet dei lever i. Det skal også gi forståing for havet som grunnlag for fiskeri og havbruk, og korleis menneske påverkar det marine økosystemet.
Innhald:
Studiet tar opp desse temaa:
- Fysiske omgjevnader
- Biologiske prosessar
- Marine organismar
- Marine økosystem
- Menneske og havet
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- Skildre det fysiske og kjemiske miljøet i havet
- Forklare biologiske prosessar i det marine miljøet
- Forklare samspelet mellom ulike organismegrupper på ulike trofiske nivå
- Skildre marine økosystem i norske havområde og fjordar
- Skildre korleis menneske er brukar og påverkar økosystema i havet.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- Formidle kunnskapar om dei marine økosystema til elevar eller andre målgrupper
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- Sette seg inn i fagstoff og tilpasse fagnivået til gitte målgrupper
- Kartlegge sitt nærområde og sette seg inn i lokale problemstillingar knyttet til det marine miljø.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Studiepoengsreduksjon
Arbeids- og undervisningsformer
Studiet er digitalt, med videobaserte forelesningar. Det går over ca. seks veker, der studenten arbeider sjølvstendig. Studenten kan kontakte fagmiljøet for spørsmål, og ved ynskje kan det opprettast digitale studiegrupper. Studiet består av fem fagmodular som inkluderer didaktiske perspektiv der det er tilrådeleg. Det er nødvendig å svare på quiz for kvar fagmodul.
Arbeidsomfanget på emnet tilsvarer 62,5-75 timer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer
- quizane utgjer vurderinga i emnet. Alle quizane må være godkjent for å bestå