Metoder i biomedisinsk forskning
Masteremne
- Studiepoeng
- 24
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- BMED322
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har som mål å gi studenten ei teoretisk oversikt over metodar som vanlegvis blir brukt i grunnleggjande biomedisinsk forsking og praktisk erfaring med utvalde metodar. Emnet gir også opplæring i litteratursøk og bruk av referansehandteringsprogramvare. Til slutt blir studentane trena i korleis dei kan presentere vitskaplege problemstillingar og forskingsresultat på ein akademisk og vitskapleg korrekt måte.
Læringsutbytte
Etter fullføring av emnet skal studenten kunne:
Kunnskapar
- Forklare og sette i kontekst vanleg brukte metodar og tilnærmingar i grunnleggjande biomedisinsk forsking.
- Forklare nyttige bruksmåtar av ulike metodar på gitte problem innan celle- og molekylærbiologi.
Ferdigheiter og generell kompetanse
- Planleggje og gjennomføre eksperiment, analysere dei resulterande data, og kritisk tolke og evaluere resultata.
- Søkje etter, presentere og nytte vitskapleg litteratur.
- Presentere eiga forsking på ein akademisk måte.
Studiepoeng, omfang
24 sp
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Generelle kunnskapar i molekylærbiologi og cellebiologi. Studentane må også vere kjent med grunnleggjande prinsipp for elementære molekylærbiologiske metodar og omgrep som til dømes: polyakrylamid gel-elektroforese (med og utan SDS), agarose gel-elektroforese for separering av DNA/RNA, polymerase chain reaction (PCR) og cDNA.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Studentar på masterprogrammet i biomedisin ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet går over 13-14 veker. Emnet startar med 4 veker med førelesingar (mellom 8-16 timar/veke) og ei innføring i praktisk laboratoriearbeid, etterfølgt av 1 veker med innføring i dataanalyse, og avsluttast med 7 veker med eksperimentelt laboratoriearbeid under rettleiing. I vekene med dataanalyse og laboratoriearbeid er det forventa vanlege arbeidstimar (om lag 40 t/veke). Dette betyr at det er vanskeleg å kombinere dette emnet med andre emner.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Den praktiske innføringa i dataanalyse og alt laboratoriearbeid er obligatorisk.
Vurderingsformer
Vurderinga består av to delar:
- Skuleeksamen etter avslutta teoriundervisning.
- Innlevering av skrifteleg semesteroppgåve etter utplassering på lab.
De utgjer høvesvis 55 % og 45 % av den totale eksamensresultatet, medan dei praktiske dataanalyseoppgåvene vil bli godkjent eller ikke godkjent. Alle delar må beståast for å oppfylle emnet.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
"Bioanalytics : analytical methods and concepts in biochemistry and molecular biology" av Lottspeich & Engels, review-artiklar, originalartiklar og handouts.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.
Programansvarlig
Programutvalget for biomedisin
Administrativt ansvarlig
Institutt for biomedisin