Cellekommunikasjon og intracellulær signalering
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- BMED330
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Kurset vil gje ein odyssé gjennom dei viktigaste signalhendingane i virveldyrcella på tvers av cellulært rom og tid—frå celleoverflata til cellekjernen—og frå organismens utviklingsperiode til den enkelte cellas død. Kurset tar sikte på å gje studenten ein oversikt over cellulære interaksjonar med det cellulære mikromiljøet og signalhendingane som følgjer av desse interaksjonane. Vidare vil det bli diskutert korleis celler responderar på fysiologiske signal som hormoner og nevronale signal. Avslutningsvis vil de terapeutiske implikasjonane av alle desse signalhendingane bli kort drøfta i ei eiga forelesning.
Nøkleord: Principles, Molecular Switches, Signalling Currencies, Developmental Signalling, Immune Signalling, Cadherins and Integrins, Proteoglycans, Neuronal Signalling, Receptor Kinases, Mitochondrial Communication, Death Signalling, Therapeutic Implications.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten kunne:
Kunnskapar
- Gjere greie for hovedtypar av cellekommunikasjon inkludert dei signalmolekyla (ligander/transmittere) som inngår i hovudtypane av cellekommunikasjon.
- Gjere greie for intracellulære- og membranbundne reseptorar, og gi eksempel på slike reseptorar.
- Gjere greie for sentrale cellulære signalveier i eukaryotiske celler.
Ferdigheiter og generell kompetanse
- Demonstrere samanhengen mellom cellulære signalveier og medisinske fenomen ved hjelp av eksempel.
Undervisningssemester
Vår
Merk at emnet startar tidleg i januar. Hugs å registrere deg tidleg for deltaking og eksamen.
Masterstudentar frå andre program og fakultet er velkomne til å søkje om opptak.
For å melde interesse og sende motivasjon, ver venleg å sende ein e-post til: med-ibm-studiesaker@uib.no.
Krav til forkunnskaper
Biologi, molekylærbiologi eller tilsvarande på bachelornivå, helst avslutta med grad.
Studiepoengsreduksjon
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningen går over ein periode på 4-5 veker, med 6-8 timar førelesingar kvar veke.
Ver merksam at førelesingane startar fyrste veka av januar. Meld deg difor tidleg opp til til undervisning og vurdering.