Cellulær og molekylær nevrovitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Innhaldet i emnet gjenspeilar mangfeldet og tverrfaglegheiten ein finn i nevrovitskap med ei rekkje av seminarar som handlar om cellulær og molekylær nevrovitskap gjennom forskjellige system og regionar innan sentralnervesystemet. Emnet innehald worshops som dekk teknikkar innan neurofysiologi, molekylærbiologi og avbilding, samt demonstrasjonar av mikroskopisk nevroanatomi (histologi) og disseksjon av ein menneskehjerne.

Studentane vil få kunnskap om naudsynte intellektuelle verktøy for å kunne forstå og verdsette kompleksiteten ein finn i nervesystemet på eit molekylært og cellulært nivå.

Emnet er utforma som eit introduksjonskurs på masternivå. Det forventast at studentane har ei bachelorgrad i biologisk eller naturvitskapleg retning. Forkunnskapar i nevrovitskap er ikkje naudsynt, men nivået i emnet er høgt med rask progresjon og det forventast at studentane forbered seg med å lese i lærebøkene før kvar forelesning. Tema inkluderer: Nevronar som eksitable celler, ionekanaler, synaptisk overføring og plastisitet, neurotransmittersystemar, molekylær og cellulær føresetnad for sensorisk og motoriske system, oversyn av nevroanatomi og nevrohistologi, og avanserte avbildingsteknikkar.

Bruk av kunstig intelligens (KI)

Bruk av KI-verktøy i akademisk arbeid skal vere basert på prinsippa om ærlegdom, openheit og fagleg integritet. Studentar skal følgje Det medisinske fakultetet sitt klassifiseringssystem for KI-bruk (nivå A, B, C, E, F, G), og tydeleg dokumentere kva nivå som gjeld for deira masteroppgåve.

Studentansvar

- Eiga vurdering: Studentar skal sjølve vurdere og opplyse om kva nivå av KI-bruk som er nytta i oppgåva, i tråd med det offisielle klassifiseringssystemet.

- Kritisk vurdering: KI-generert innhald skal ikkje brukast ukritisk. All informasjon må kontrollerast, faktasjekkast og integrerast med fagleg grundigheit.

- Val av verktøy: Studentar vert oppmoda til å bruke sikre og institusjonsstøtta KI-verktøy. Ved Universitetet i Bergen (UiB) er Microsoft Copilot og UiBchat tilgjengeleg og rekna som eit trygt alternativer for akademisk bruk.

For meir informasjon om klassifiseringssystemet og retningslinjene, sjå:

www.uib.no/med/174307/bruk-av-kunstig-intelligens-ki-ved-det-medisinske-fakultet

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

Kunnskapar

  • Vise inngåande kunnskap om nervesystemets struktur og funksjon på celle og systemnivå
  • Identifisere og beskrive de molekylære og cellulære eigenskapar hos nevroner som gir opphav til deira evne til å kommunisere via elektriske og kjemiske signalar
  • Forstå dei viktigaste neurotransmittersystemar og reseptorar i nervesystemet
  • Kritisk vurdere vanlege metodar i nevrovitskap og forstå teorien bak desse teknikkane

Ferdigheiter

Utvikle hypotesar og kristisk analysera metodar og resultat innan nevrobiologi

Generell kompetanse

  • Tolke og diskutere funn relatert til vitskaplege eksperiment og litteratur innan nevrovitskap
  • Formidle og drøfte integrasjonen av molekylære, cellulære og biofysiske prosessar, som bidreg til at nevronar og nevrale systemar ansvarlege for oppførsel, kan fungere
  • Anvende teoriar om molekylær og cellulær nevrovitskap til eksperimentelle undersøkingar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng (sp)

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Maks 18 studentar.

Masterstudentar frå andre program og fakultet er velkomne til å søkje om opptak.

For å melde interesse og sende motivasjon, ver venleg å sende ein e-post til: med-ibm-studiesaker@uib.no.

Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, biomedisin, fysiologi eller liknande.
Anbefalte forkunnskaper
Generelle kunnskapar innan molekylær- og cellebiologi og cellefysiologi. Generelle kunnskapar innan fysikk og kjemi.
Studiepoengsreduksjon
MED3 (4 sp), OD2FYS (4 sp), NUTRFYS (4 sp), FARM280 (4 sp)
Krav til studierett

Master i biomedisin. Andre masterstudentar eller utvekslingsstudentar som oppfyller forkunnskapskrava kan og få adgang til emnet.

Minimum antall studentar for at kurset skal gå er 4, maksimum antall er 20. Dersom fleire enn 20 studentar meld seg på vil studentar i biomedisin verte prioritert.

Arbeids- og undervisningsformer

Omkring 30 timar seminar over ei periode på omkring 8-10 veker.

3 tekniske workshops (4 timer kvar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på tekniske workshops. Rapport for kvar workshop må leverast inn og alle må vere godkjend for å ta eksamen.
Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.
Programansvarlig
Programutval for biomedisin
Administrativt ansvarlig
Institutt for biomedisin