Seminarserie

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å gje oversikt over ulike disiplinar innan biomedisin. Studentane vert trena i å lytte til, tolke, reflektere over og gjengi vitskapeleg informasjon, og får trening i vitskapeleg skriving.

Seminarserien består av to seminar kvar månad gjeve på engelsk av føredragshaldarar frå både inn- og utland. Dei er ekspertar innan sine fagfelt, blant anna innan molekylærbiologi, biokjemi, cellebiologi, biomedisin, fysiologi, nevrovitskap, translasjonell medisin, strukturbiologi, proteomikk og bioinformatikk. Dei er valt ut etter kriterium som kompetanse, formidlingsevne og emnediversitet.

Program for seminara: https://www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

Kunnskapar

  • Kjenne til fagomgrep innanfor ei breidde av dei biovitskapelege områda.
  • Kjenne til ulike aspekt av "state-of-the-art" forskingspraksis som fører fram til nye vitskapelege erkjenningar.

Ferdigheiter

  • Følgje og forstå vitskapelege føredrag.
  • Ved ein samanlikning av ulike måtar å presentere eit vitskapeleg prosjekt på, få eit godt grunnlag for eigen presentasjonsteknikk.

Generell kompetanse

  • Skisser eit forskingsprosjekt for framtidige studiar ved å utvide den vitskaplege forståinga.
  • Erkjenne nytten av å delta på vitskapelege seminar gjeve av toppranka forskarar.

Studiepoeng, omfang

1

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust + Vår (2 påfølgjande semester med start høst)
Krav til forkunnskaper
Studentar på masterprogrammet i biomedisin ved UiB.
Studiepoengsreduksjon

HUCEL371

Delar av kurset overlappar med CCBIO902, BMED380.

Krav til studierett
Studentar på masterprogrammet i biomedisin ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning:

  • Felles informasjonsmøter (obligatorisk)
  • To seminar kvar månad (obligatorisk deltaking på 16 seminar i to semester)
  • Modul om forskingsformidling på MittUiB (obligatorisk)

Omfang:

  • To informasjonsmøter à 1 time
  • 16 seminar à 1,5 timar (inkluderer førebuing)
  • Modul om forskingsformidling på MittUiB à 5 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på minimum 16 av seminara i to semester (deltaking vert registrert). I tillegg kjem obligatoriske informasjonsmøter, gjennomføring av obligatorisk modul om forskingsformidling på MittUiB.
Vurderingsformer
Refleksjonsnotat om innholdet i modulen om forskningsformidling på MittUiB.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Ingen
Emneevaluering
Refleksjonsnotat om innholdet i modulen om forskningsformidling på MittUiB.
Programansvarlig
Programutvalget for biomedisin
Administrativt ansvarlig
Institutt for biomedisin