Designpraksis 1 - Avdekking

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å førebu studentane på arbeid med sitt individuelle masterprosjekt og å gjere dei kjende med sine medstudentar og verkstadsmoglegheiter. Gjennom ulike workshops med leikande tilnærming vil studentane sine individuelle prosjektidear bli sett og utdjupa frå ulike perspektiv for å inspirere og motivere til å låse opp potensialet i kvart prosjekt.

Studentane er forventa å lage ei skisse av sitt prosjekt og tema, etablere ein oversikt over kunnskapsområde og kartleggje felt for undersøking som er relevante for prosjektet deira. Studenten skal formidle ei forståing av spesifikke undersøkingar og presisjon i det vidare prosjektarbeidet, for å avdekke, klargjere, utvide eller forfine sentrale spørsmål.

Studentane vil få tilbod om valfrie verkstadintroduksjonar og HMS.

Læringsutbyte

Etter gjennomført emne skal studenten ha oppnådd følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Ientifisere og framheve tema og fagområde som er relevante for prosjektet deira
  • Definere kontekst og spesialisering basert på prosjektbeskrivinga.

Ferdigheiter:

  • Strukturere og lage ein førebels prosjektplan.
  • Skissere eit kart over forskings- (prosjekt-) tema og emne.

Generell kompetanse:

  • Studenten vil kunne identifisere og skissere komponentane i sitt eige designprosjekt.
  • Studenten skal kunne dokumentere og formidle spesialisert designarbeid på høgt nivå.
  • Studenten vil kunne initiere og leie sjølvstendig arbeid og framgang.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i design
Arbeids- og undervisningsformer
  • Individuelt prosjektarbeid
  • Rettleiing (i grupper)
  • Verkstad/studiopraksis
  • Plenumsframføring og diskusjon
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Delta og presentere under midtveispresentasjon¿for MA1-kullet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet som skildra over må bli godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:¿

Mappevurdering: Mappa skal innehalde:

  • Visuell dokumentasjon
  • Refleksjonskomponent beståande av visuelle, skriftlege eller relevante material som utdjupar og set designval og prosess i kontekst.¿
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert kvart tredje år, etter UiBs kvalitetssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna i programmet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.