IKT-sikkerheit

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over omgrepa data- og datamaskintryggleik, med vekt på fundamentale tryggleikseigenskapar, sårbarheiter, truslar og mekanismar for å trygge datasystem.

Innhald:

Dei grunnleggjande:

  • tryggleikseigenskapar, verktøy og terminologi
  • brukarautentisering, metodar og prinsipp
  • Adgangskontroll, prinsipp og rolla til tilgangskontroll

Datatryggleik: Spesielt skadeleg programvare: typar, spreiing, saman med teknisk, organisatorisk og åtferdsmessige mottiltak.

Nettvekstryggleik: spesielt internett, nettverksbaserte angrep, og ei oversikt over mottiltak til nettverksbaserte angrep.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan beskrive grunnleggande tryggleiksprinsipp- og praksis
  • kan beskrive truslar mot digitale system og deira potensielle skade

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å identifisera moglege truslar mot eit digital system
  • er i stand til identifisera mottiltak mot desse truslane

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kan delta i ein samtale om tryggleikspraksis med andre studentar

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningssted

Digitalt

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

2,5 Studiepoeng overlapp mot INF140 og INF624

Krav til studierett

For opptak på emnet er det krav om studierett på et studieprogram ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 2 timar pr. veke

Førelesningar / 7 veker

Mogleg tilbod om fysisk undervisning ved UiB-campus.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

2 timars heimeeksamen.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester er berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.