Data og demokrati

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette emnet handlar om korleis fordeling av kontroll over og tilgang til data kan utfordre demokratiske verdiar, og òg vere med på å styrkje slike verdiar. Produksjon og bruk av data pregar samfunnsutviklinga på alle nivå. Algoritmar og kunstig intelligens er i stadig større grad med på å forme borgarane sine ulike samfunnsforståingar og haldningar. Bruk av teknologiar til å samle, analysere, distribuere og ta avgjerder på grunnlag av ulike datakjelder reiser nye spørsmål om utviklinga av demokratiet. Mellom anna gjeld dette avgjerder si legitimitet, kva som er rimeleg grad av kontroll over eigne opplysningar, og korleis vilkåra for ein velfungerande offentlegheit kan takast vare på.

Målet med emnet er å gi ei kritisk og nyansert forståing av korleis ulike samfunnsaktørar sin bruk av data og algoritmar har implikasjonar for demokratiske prosessar. Sentralt står avveginga mellom algoritmiske avgjerder og menneskelege vurderingar, sett i lys av ulike forståingar av demokratiske verdiar.

Aktuelle problemstillingar:

  • Kva er polarisering, kva rolle spelar sosiale medium i utviklinga av polarisering, og i kva grad er polarisering ei utfordring for eit demokratisk ordskifte og for rasjonell meiningsdanning?
  • Kvifor er sannferd ei demokratisk verdi, kva rolle spelar sosiale medium i spreiing av misinformasjon og desinformasjon, og i kva grad er det mogleg å korrigere uriktige oppfatningar?
  • Er sjølvbestemminga vår truga av dei store teknologiselskapa sin bruk av data om oss, kva former for algoritmisk utnytting av personopplysningar er krenkjande for integriteten, og korleis kan algoritmar vere med på å styrkje personvernet?
  • Kva er algoritmisk rettferd, og når blir algoritmiske avgjerder problematiske?

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Studenten kjenner sentrale døme på algoritmisk informasjonsbehandling i tilknyting til demokratiske prosessar, og studiar av korleis dei påverkar slike prosessar.
  • Studenten skal forstå kva som kan vere involvert i avveging mellom algoritmiske avgjerder og menneskelege vurderingar, sett i lys av ulike forståingar av demokratiske ideal.

Ferdigheter

  • Studenten kan forklare og kritisk vurdere påstandar om korleis kontroll over data og algoritmar påverkar demokratiske prosessar.

Generell kompetanse

  • Studenten har ei kritisk og nyansert forståing av korleis demokratiske verdiar blir påverka av data og algoritmar.
  • Studenten kjenner perspektiv som kan utviklast vidare gjennom studiar og samfunnsdeltaking.

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningssted

Nettbasert undervisning på læringsplattformen Mitt UiB.
Krav til forkunnskaper
Ingen krav til forkunnskaper.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
DIGI115 (2,5 sp)
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Noko av undervisninga vil føregå digitalt på Zoom, det meste av undervisninga som opptak på MittUiB.

Det blir òg lagt til rette for ei fysisk samling på UiB sin campus. Det er ikkje obligatorisk å delta på fysisk samling.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Mappevurdering i form av digital mappe med 4-8 oppgaver som må fullføres og godkjennes innen en gitt frist (se eksamensdato). Eksamensoppgavene vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.