Introduksjon til digital medisin

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tek sikte på å gje ei oversikt over fagfeltet medisinsk datavitskap med vekt på både løfta og utfordringane ved å utvikle og bruke digital teknologi i helsevesenet, gjennom heile mennesket si levetid - frå vogge til grav.

Innhald:

Digitalisering påverkar alle aspekt av livet, inkludert medisin. For eksempel, ettersom fjernovervaking blir meir og meir mogleg, endrar digitaliseringa grunnleggande korleis helsetenestene er organisert.

Trass i løftet om å spare kostnadar og auke effektiviteten, går framgangen sakte på grunn av krava til ny kompetanse på alle nivå i helsesektoren.

Kurset vil gjere det mogleg for studentane å utvikle ferdigheiter og kompetanse for å forstå dette nye feltet. Kurset har som mål å gje studentar med ulik bakgrunn og ulike interesser eit grunnlag for å bidra til digitaliseringa av helsevesenet gjennom forsking og innovasjon.

.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • Forklare feltet medisinsk datavitskap og korleis det bidrar til førebyggande, presis og personleg helsehjelp.
  • Forstå dei grunnleggande elementa i:
    1. Menneskeleg cellebiologi inkludert genetikk
    2. Medisinske og kliniske data, inkludert registerdata og helsedata frå berbare einingar.
  • Anerkjenne etiske problemstillingar og mishøve knytt til digitalisering av helsedata.

Ferdigheiter

Studenten har:

  • Medvit om ulike former for medisinske data (genomikk, bildebehandling, register, helsejournalar og berbare einingar) og etiske problem og mishøve knytt til dei.
  • Praktisk erfaring med å handtere medisinsk dataanalyse for å forstå både moglegheiter og utfordringar.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Beskrive det siste innan digitalisering av helsevesenet
  • Kommunisere og samarbeide i tverrfaglege prosjekt innanfor medisinsk datavitskap

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Undervisningssemester

Haust, vår

Undervisningssted

Kurset er nettbasert gjennom UiBs digitale plattform Mitt UiB.
Studiepoengsreduksjon
DIGI116 - 2,5 studiepoeng
Krav til studierett
For å delta på emnet krev det opptaket til via UIB Vidare.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som nettbasert undervisning med digitale læringsressursar.

  • Me bruker digitale modular på Mitt UiB.
  • Ei valfri fysisk samling vil bli halde på UiBs campus. Deltaking er ikkje påkravd, det er berre ei ekstra moglegheit.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
  • For å bestå emnet, må alle moduler være gjennomført og godkjent.
  • Alle moduler må fullføres i samme semester.
  • Studenten må fullføre alle moduler innen satt frist.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vurdering vert tilbydd både haust og vår.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Programansvarlig
Studieleiinga ved fakultetet
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig