Kritiske perspektiv på teknologi og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ein introduksjon til kritisk analyse av kulturelle, samfunnsmessige og normative aspekt ved digitale teknologiar. Det er strukturert i tematiske modular som kan variere frå år til år. Moglege tema inkluderer, men er ikkje avgrensa til, overvaking, tilgjengelegheit, nettidentitetar, kjønn og teknologi, internettbruk frå eit globalt perspektiv, etikk i eit digitalt samfunn, og sjølvrepresentasjon i digitale medium.

Emnet bidreg til utviklinga av studentane sine akademiske skriveferdigheiter og fungerer som eit fundament for videre studium innan dei kulturelle, samfunnsmessige og normative aspekta ved teknologi.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskapar

  • om ulike humanistiske tilnærmingar til kritisk analyse av teknologi i samfunnet.
  • om korleis digitale teknologiar påverkar vår forståing av oss sjølve og andre.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • gjennomføre sjølvstendige vurderingar av dei kulturelle, samfunnsmessige og normative aspekta og konsekvensane av digitale teknologiar.
  • argumentere for ein posisjon om etiske, normative og ideologiske spørsmål knytt til teknologi, basert på fakta og forsking.
  • bruke kritiske tankeferdigheiter til å analysere kulturelle og samfunnsmessige fenomen i djupna, og gå utover generaliseringar og tru, samtidig som dei erkjenner og reflekterer over eigne potensielle fordommar.

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving.
  • medverke til moderne fagleg diskusjon i fagområdet.
  • bruke kjelder i samspel med eigne refleksjonar til å utvikle argumentasjonsrekker.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett

Emnet er opent for studentar på bachelorprogrammet i digital kultur, samt utvekslingsstudentar. Andre bachelor- og masterstudentar ved UiB kan søkje om å ta emnet, dersom det er kapasitet.

Emnet har avgrensa kapasitet, og studentar på bachelorprogrammet i digital kultur vil bli prioriterte. Informasjon om søknadsfristar vil bli publisert i Studentweb i forkant av kvart semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg ved semesterstart.

Det er viktig at studentane deltar på orienteringsmøtet tidleg i semesteret, før undervisinga startar.

Forelesningane følger ein studentaktiv læringsmodell og involverer vanlegvis ein kombinasjon av forelesningar frå lærar(ane), gruppepresentasjonar, plenumsdiskusjonar, skriveøvingar og praktisk arbeid.

Studentane er forventa å arbeide 18 timar per veke med emnet frå byrjinga til slutten av undervisningsperioden, inkludert veker utan planlagt undervisning. Desse timane skal brukast på forelesningar, lesing av pensumlitteratur, fullføring av øvingar, skriving av obligatoriske oppgåver og å finne relevant materiale på biblioteket og på nettet. I undervisningsfrie veker er det forventa at studentane brukar tida til å lese pensummateriale, fullføre oppgåver og forberede seg til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement organiserte av digital kultur og Senter for digitale fortellingar.

Om færre enn fem studentar melder seg til emnet, kan instituttet tilby redusert undervisning. Se instituttets retningslinjer på Mitt UiB for meir informasjon. I slike tilfelle vil studentane bli varsla før fristen for semesterregistrering.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Undervisningsdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet. Studentane er sjølve ansvarlege for å halde oversikt over eige fråvær og bør føre ein logg over eventuelle fråvær.

For å kunne ta eksamen må studentane fullføre 3-6 obligatoriske oppgåver. Oppgåvene kan være korte skriftlege essays, å lage digitalt innhald eller gjennomføre oppgåver som involverer fagfellevurdering. Fristane for desse oppgåvene vil bli gjevne ved semesterstart. Kvar oppgåve blir vurdert som «godkjent» eller «ikkje godkjent». Om ei oppgåve blir vurdert som «ikkje godkjent», får studenten éin ny sjanse.

Alle oppgåver må fullførast og godkjennast innan undervisningssemesteret. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

Vurderingsformer
Emnet blir avslutta med ein sju-dagars heimeeksamen på 4 000 ord. Studentane kan levere eksamen på norsk eller engelsk.
Karakterskala
Karakterskala A-F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste

Pensum inkluderer vanlegvis bøker og artiklar som er tilgjengelege i bokhandlar eller digitale kompendia, eller som vil være fritt tilgjengeleg på nettet. Videoinnspelingar av nettforelesningar eller dokumentarfilmar kan også inngå i pensum; desse vil anten vere fritt tilgjengelege på nettet eller bli vist i undervisninga.

Pensum er vanlegvis på engelsk. Studentane kan likevel bruke og referere til kjelder på andre språk i oppgåver og på eksamen.

Lista over obligatorisk og anbefalt pensum, så langt dette er tilgjengeleg på førehand, vil bli lagt ut på Mitt UiB før semesterstart og oppdatert ved behov.

Litteraturen vil vere tilgjengeleg hos Akademika eller som e-bøker og artiklar som er mogeleg å laste ned.

Studentane er også forventa å gjere seg kjende med andre relevante akademiske materiale gjennom biblioteket, nettbaserte akademiske kjelder og sjølvstendig forsking på temaet.

Emneevaluering
Evaluering vil bli gjennomført i samsvar med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret for digital kultur.
Emneansvarlig
Programstyret for digital kultur.
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.