Tilgjengelighet i eit digitalt samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette emnet undersøkjer prinsippa og praksisen for tilgjengelegheit i digital teknologi, og legg vekt på verknaden som nettverkssamfunnet har på ulike grupper i befolkninga. Den utforsker tilgjengelegheit gjennom linsene til fleire disiplinar, inkludert arkitektur, filosofi, sosiologi, design og digital kultur, og fremjer ein omfattende forståing av korleis teknologi anten kan byggje bro over, eller forverre sosiale skilnader. Emnet tener både bachelor- og masterprogrammet ved digital kultur, men krev ikkje tekniske ferdigheiter eller andre føresetnader frå programma. Det kan takast som valfag for studentar ved andre institutt og fakultet.

Sidan emnet ser på livsnære vilkår for tilgjengeleghet, vert studentar med redusert funksjonsevne spesielt oppfordra til å melde seg på.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har fått ei djup forståing av det historiske og teoretiske grunnlaget for universell utforming, inkludert sentrale omgrep innan funksjonshemmingsstudiar og universell utforming.
  • Kandidaten er kjend med internasjonale standardar for universell utforming på nettet, inkludert WCAG, dei juridiske implikasjonane av mangel på desse og det sosiale ansvaret knytta til å skape tilgjengelege digitale miljø. Kandidaten har forstått rollen til hjelpemiddel og korleis ulike innovasjonar bidrar til å forbetre tilgjengelegheita på tvers av ulike sektorar som utdanning, arbeidsliv, og offentlege tenester.

Ferdigheiter

  • Kandidaten har utvikla kritiske analytiske ferdigheiter for å evaluere tilgjengeligheita til digitale produkt og tenester, og for å identifisere både styrkar og svakheiter.
  • Kandidaten er i stand til å bruke prinsipp for inkluderande design i reelle prosjekter, lage prototypar eller forbetringer som fremjer tilgjengelegheit.
  • Kandidaten kan utarbeide ei tilgjengelegheitserklæring.
  • Kandidaten har forbetra sine kommunikasjonsevne gjennom gruppearbeid, presentasjonar og engasjement med samfunnsinteressentar, og effektivt tatt til orde for tilgjengelegheitsforbetringer.
  • Kandidaten kan påta seg ein rådgjevende og samarbeidande funksjon om temaet i offentleg eller kommersiell sektor.

Generell kompetanse

  • Kandidaten viser evne til å bidra gjennomtenkt til diskusjonar om dei sosiale implikasjonane av teknologi og betydninga av inkludering i eit (nettverks-)samfunn.
  • Kandidaten er dedikert til etisk ansvar i sin framtidige karriere, og forstår korleis arbeidet deira kan påverke marginaliserte samfunn.
  • Kandidaten er rusta til å engasjere seg i tverrfagleg samarbeid, og til å setje pris på ulike perspektiv på tilgjengelegheitsutfordringar og -løysningar.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust. Dette er eit uregelmessig emne som ikkje blir tilbydd kvart år.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
ingen
Anbefalte forkunnskaper
ingen
Studiepoengsreduksjon
ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved UiB, inkludert utvekslingsstudentar. Dersom interessen er høgare enn talet på ledige plassar, må studentar utanfor digital kultur søkje om løyve til å melde seg på.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er tjue veker i eit semester, kor tolv veker normalt har undervising. Ei veke med undervising inneheld vanligvis ei førelesing, eit seminar eller ein workshop på 2-3 timar i plenum eller mindre grupper. Nokre aktivitetar er studentleia seminar og gruppearbeid utan lærer til stede. Timeplanen vil være tilgjengeleg ved semesterstart.

Det er viktig at studentane møter opp på orienteringsmøtet tidlig i semesteret før undervisinga startar. Førelesingane er baserte på ein studentaktiv læringsmodell og vil vanligvis innebære ein kombinasjon av førelesingar, seminar og workshops. I tillegg til pensum og obligatoriske oppgaver vert det gitt nokre heimeoppgåver, til dømes bidrag til nettdiskusjonar og mindre refleksjonsstykke. Ein forventar at studentane arbeider 20 timar per veke på emnet frå byrjinga til slutten av undervisingsperioden, inkludert veker utan undervising. Ein forventar at tida i undervisingsfrie veker vert brukte til lesing av emnerelatert materiale, gjennomføring av oppgåver og førebuianga til eksamen.

Dersom færre enn fem studentar er påmelde eit emne, kan instituttet redusere undervisingen, sjå4 instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. Studentane får i såfall informasjon om dette ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1.september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på alt emnet famner om. Kursdeltaking vert godkjent av emneansvarleg. Dersom fråværet overstig 25%, kan studenten ikkje gå opp til eksamen. I løpet av semesteret skal studenten levere dei fire oppgavene som utgjer den endelege mappa. Desse kan inkludere ein tilgjengelegheitsdokumentasjon av eit artefakt av sosial/samfunnsmessig interesse, ei tilgjengelegheitsanalyse av eit nettsted, ei samanlikning av hjelpemiddel, ein akademisk tilgjengelegheitsdagbok. Det er obligatorisk å motta og gi tilbakemelding på desse.

Dei obligatoriske oppgåvene er anten godkjende eller ikkje godkjende. Dei er kun gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Emnet vert avslutta med ei mappe som inneheld fire delar som vart produserte i løpet av semesteret. Det vert kun éin karakter for eksamen.

Studentane kan levere mappa på norsk eller engelsk.

Karakterskala
A-F. Ein finn forklåring av karakterane på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Vår eller haust, men ikkje fast. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste

Alt obligatorisk kursmateriale er vanlegvis på engelsk. Studentane kan bruke og vise til kjelder på andre språk i oppgåver og eksamen.

Lista over obligatorisk og tilrådd pensum, så langt dette er kjent på forhånd, vil være tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert ved behov. Bøkene vil være tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller kan lastast ned som e-bøker. Ein forventar òg at studentene gjer seg kjende med ytterligare relevant fagstoff gjennom biblioteket, nettbaserte akademiske kjelder, og søkjer eigen inspirasjon om temaet.

Emneevaluering
Evalueringa følgjer Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret for digital kultur.
Emneansvarlig
Programstyret for digital kultur.
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.