Digitale spel
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- DIKULT216
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Digitale spel har utvikla seg til ei form for kultur og menneskeleg samhandling som er ein viktig del av vårt sosiale liv og dagens medielandskap. Sjølv om fleirfaglegheit er ein naturleg del av spelvitskap, introduserer dette emnet studentane for humanistiske tilnærmingar til digitale spel, med spørsmål som: Korleis har digitale spel fått den posisjonen dei har i kulturen i dag? Korleis kan digitale spel og leik forståast og analyserast som former for kommunikasjon og meiningsskaping? Kva rolle spelar digitale spel i kvardagspraksisar våre, så vel som i kulturelle og samfunnsdebattar? Fokuset ligg altså på korleis spel skaper meiningar og reflekterer eller undergravar breiare sosiale og kulturelle diskursar.
Målet med emnet er å gje eit fleirdimensjonalt bilete av forskinga innan dette området og leggje til rette for ein djupgåande diskusjon av sentrale omgrep og metodar innan spelvitskap.
Studentane skal fokusere på analyse av digitale spel gjennom ei speldesignoppgåve med ein skriftleg, refleksiv del. Denne oppgåva kan til dømes rette seg mot interaktivitet, spelarinnverknad, retorikk eller narrative kvalitetar i digitale spel.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har kunnskap om…
- dei mange dimensjonane ved digitale spel som eige forskings- og analysemne,
- ulike teoretiske og konseptuelle tradisjonar innan spelvitskap,
- dei sentrale sjangrane og verka innan digitale spel, i tillegg til moderne metodar for å designe slike spel.
Ferdigheiter
Studenten kan…
- identifisere korleis ulike forskingstradisjonar innan spelvitskap søkjer å produsere ulike former for kunnskap,
- følgje og vurdere argumentasjonen i eksisterande forsking, og definere og bruke utvalde nøkkelomgrep,
- definere og analysere ulike sider ved digitale spel og leik i deira ulike former,
- designe eit spel spesielt tilpassa digitalt miljø, og bruke kunnskap og kompetanse frå kurset i designarbeidet.
Generell kompetanse
Studenten kan…
- gjennomføre kritiske litteraturgjennomgangar knytte til spesifikke problemstillingar innan digital spelvitskap,
- reflektere over eiga akademiske skriving og/eller kreative praksis, og bruke tilbakemeldingar til å forbetre arbeidet,
- bruke kreative strategiar for å formidle akademisk innhald.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Eit semester har tjue veker, der ti av vekene vanlegvis har undervisning. Undervisninga består gjerne av ein kombinasjon av førelesingar, diskusjonar og workshopar med fokus på speldesignoppgåver og tilgjengelege verktøy for speldesign. Studentane kan også få oppgåver som litteratursøk og -gjennomgang innan eit spesifikt tema, eller kritisk vurdering av kor eigna visse omgrep er i forhold til konkrete kasus. Timeplan for kurset vil vere tilgjengeleg ved semesterstart.
Det er viktig at studentane deltek på orienteringsmøtet tidleg i semesteret, før undervisninga startar.
Studentane forventast å arbeide 18 timar per veke med emnet frå starten til slutten av undervisningsperioden, også i veker utan planlagde undervisningstimar. Desse timane skal brukast til førelesingar og arbeid med kursrelaterte oppgåver, som lesing, skriftlege arbeidskrav og diskusjonsgrupper. I undervisningsveker skal studentane bruke tida på å lese kursmateriale, fullføre oppgåver og førebu seg til sluttvurderinga.
Dersom færre enn fem studentar melder seg på kurset, kan instituttet tilby redusert studieavgift. Sjå instituttets retningslinjer på Mitt UiB for meir informasjon. Studentane vil i så fall få beskjed før fristen for semesterregistrering.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Frammøte er obligatorisk for alt som emnet omfattar. Deltaking i emnet blir godkjend av emneansvarleg. Dersom ein student har meir enn 25 % fråvær, vil han/ho ikkje ha rett til å gå opp til eksamen. Studentane blir oppfordra til å halde oversikt over eige frammøte.
For å få gå opp til eksamen må studenten fullføre 3-6 oppgåver, der éi av oppgåvene vil vere eit spel-design-forslag til sluttvurderinga. Fristar for desse oppgåvene blir oppgitt ved semesterstart. Kvar oppgåve blir vurdert som enten «godkjent» eller «ikkje godkjent».
Alle oppgåver må vere fullførte og godkjente innanfor undervisningssemestret for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Emnet blit avslutta med ei mappevurdering som består av eit heilt sjølvlaga digitalt spel og eit refleksjonsessay på 1 500 ord som set spelet inn i ein kritisk kontekst.
Det blir gitt éin samla karakter for sluttvurderinga.
Studentane kan levere vurderinga på anten engelsk eller norsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Kursmaterialet består vanlegvis av bøker eller artiklar som er tilgjengelege i bokhandlar eller digitale samlingar, eller som er fritt tilgjengelege på nett. Videoopptak og anna media kan òg vere inkludert i pensum; desse vil anten vere tilgjengelege på nett eller bli viste i løpet av emnet.
Det obligatoriske kursmaterialet er vanlegvis på engelsk. Studentane kan likevel bruke og referere til kjelder på andre språk i oppgåver og eksamen.
Lista over obligatoriske og anbefalte tekstar, så langt den er tilgjengeleg på førehand, vil bli lagt ut på Mitt UiB før semesterstart og oppdatert etter behov. Tekstane vil vere tilgjengelege hos Akademika eller som nedlastbare e-bøker eller artiklar.
Studentane forventast også å gjere seg kjend med tilleggsmateriale av fagleg relevans gjennom biblioteket, nettbaserte fagkjelder og sjølvstendig forsking på emnet.