Marknad og moral

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

«Grådigheit er bra» ifølgje Gordon Gekko i filmen Wall Street. Er grådigheit og egoisme nødvendige for at marknader skal fungere? Premierer marknaden grådigheit?

Nei, tvert imot svarer Adam Smith, grunnleggaren av faget samfunnsøkonomi. Marknader dyrkar fram det å vera ærleg, å halda ord og å stola på framande.

Emnet gir ei grundig innføring i Adam Smiths moral- og marknadsteori. Kurset legg vekt på å vise at Smiths teoriar er relevante i dag ved å drøfte spørsmål som:

Korleis veit menneske forskjell på rett og gale? Kvifor er sosialt fellesskap nødvendig for menneske? Korleis endrar framveksten av marknader moral? Fremjar marknaden ulikskap? Kvifor er vi nokon gong redde for å seie det vi eigentleg meiner? Korleis kan vi forklare klansamfunn, æresvold, mafia, sjørøvarar, Uber og Airbnb?

Pensumboken er Sigve Tjøtta (2024) Adam Smith: Marked og moral.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan...

  • gjera greie for utviklinga av velstanden frå klansamfunn til marknadssamfunn
  • forklara teoriar for marknader
  • forklara Smiths moralteori for korleis moral blir danna og utvikla
  • forklara korleis utvikling av marknader heng saman med utvikling av moralske reglar

Ferdigheiter

Studenten kan...

  • formidla samanheng mellom marknad og moral

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust, uregelmessig
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

  • Oppgåve (70 prosent). Studentane skal levere to oppgåver. Til karaktervurdering av mappen trekkes det ut ein av dei to oppgåvene. Det er den same oppgåva for alle studentar. Kvar av oppgåvene kan skrivast ålene eller i ei gruppe på maks 3 studentar.
  • Ein individuell to-timars skuleeksamen (30 prosent).

Det blir gjort ei samla vurdering av innhaldet i mappa og det blir gitt éin karakter (ingen delkarakterar for dei enkelte mappeelementa).

Eksamen vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til Studieveileder.econ@uib.no.

Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.