Søvnsjukdommar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å gi studentane innføring i søvn og søvnregulering, og kunnskap om utgreiing og behandling av dei seks ulike søvndiagnosegruppene, dvs. insomni, søvnrelaterte respirasjonslidingar, døgnrytmelidingar, søvnrelaterte bevegelseslidingar, sentralnervøse hypersomniar og parasomniar. Kurset vil gi studentane praktiske og konkrete råd i utgreiing og behandling av søvnlidingane. Både ikkje-medikamentelle og medikamentelle behandlingsformer blir omtalt. Studentane vil også treffe pasientar i klinikken og hospitere på Senter for søvnmedisin, der dei vil lære om polygrafi, polysomnografi, multippel søvnlatenstest, tilpassing av CPAP og apné-skjene ved søvnapné, etc. Kurset tar utgangspunkt i pasienthistoriar som studentane skal jobbe med i smågrupper. Kurset startar med ein kunnskapstest (quiz) og blir avslutta med den same testen.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

- kan gjere greie for kor viktig søvn er for fysisk og psykisk helse

- kan forklare prinsippa for korleis søvn blir regulert

- kjenner til typiske kjennetekn på dei seks ulike søvndiagnosegruppene

- har kjennskap til når det er aktuelt med tilvising til objektive søvnregistreringar

- kjenner til at pasientar har ulike føresetnader, noko som kan påverke val av utgreiing og behandling

Ferdigheiter:

Studenten kan:

- gjennomføre ein grundig søvnanamnese tilpassa den enkelte pasient

- meistre utgreiings- og behandlingsprinsippa for dei seks ulike søvndiagnosegruppene

- vurdere kva behandling som er best eigna for kvar enkelt pasient

Generell kompetanse:

Studenten:

- anerkjenner søvnfeltets tverrfaglege natur

- er bevisst på kva søvnen betyr for helse og velvære

Studiepoeng, omfang

3 studiepoeng, to veker

Undervisningssemester

Vår, elektiv periode er i januar.

Krav til studierett

Medisinstudiet

Minimum tal på deltakarar: 10

Maksimum tal på deltakarar: 20

Arbeids- og undervisningsformer
Det vil bli gjeven undervising 4 dagar per veke, dvs. at ein dag blir sett av til sjølvstudium. Kvar undervisingsdag startar med 1-3 timar førelesing for å introdusere emnet. Studentaktive undervisningsformer vil nyttast. Deretter jobbar studentane i grupper med kasuistikkar, jobbar sjølvstendig og hospiterer på søvnklinikken. Det er eigne dagar for kvar av søvndiagnosegruppene. Under hospiteringa er studentane delt inn i små grupper for å få større læringsutbyte. Her vil studentane lære om polygrafi, polysomnografi, MSLT, CPAP, apneskinne og operative inngrep.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk deltaking i undervisning første og siste undervisningsdag. Den første dagen blir studentane testa i kunnskap om søvnmedisin, og fagfeltet blir introdusert. Den siste dagen tar studentane søvntesten på nytt, for å sjekke om kunnskapsnivået er høgare.

Utover dette kan studentene ha maksimalt 1 fraværsdag av totalt 8 undervisningsdager, tilsvarende 12,5 % fravær.

Vurderingsformer

Deltatt

Studentene blir vurdert basert på deltakelse på obligatorisk undervisning og obligatoriske undervisningsaktiviteter.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Litteraturliste

Bjørn Bjorvatn. Søvnsykdommer. Moderne utredning og behandling. Fagbokforlaget 2012. 256 sider. ISBN: 978-82-450-1150-0.

Bjorvatn B, Fetveit A. Søvn og søvnforstyrrelser. I: Allmennmedisin. Red: Hunskår. Gyldendal Akademisk, 2013, 177-188.

Emneevaluering