Sjukeheimsmedisin
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- ELMED330
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål
Elektivt kurs for sjukeheimsmedisin har som mål å gi ein introduksjon til arbeid som lege i sjukeheim. Det skal vise korleis legen må kunne trekkje saman kunnskapen sin frå ulike medisinske spesialitetar og bruke dette til å gi best mogleg behandling til pasientar der det er spesielt viktig å tilpasse behandling til føresetnadene til pasienten.
Innhald.
Kurset startar med innføring i arbeidsmetodar og samarbeidsrutinar. Hovuddelen av kurset er praksis under rettleiing i samarbeid med legar i sjukeheim og sjukepleiarar, der vi også i ei viss grad vil trekkje inn tenester i pleie og omsorg utanfor sjukeheim. Praksis blir lagd opp omkring pasientar med samansette problem der studenten skal nytte kunnskap frå spesialiserteområde i sjukeheim.
Kurset gir eit godt grunnlag for å vikariere som sjukeheimslege og er ein pilot for praksisperiode i sjukeheim som del av studiet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført praksis har studenten:
- kunnskap om strategiar for behandlingsavgrensing og terminal lindring,
- kunnskap om prinsipp for førehandssamtalarkunnskap om handtering av åtferdssymptom ved demens
- kunnskap om vurdering av samtykkekompetanse og kjenne reglar for tvangsbruk
- Kunnskap om behandlingsforløp mellom sjukeheim og andre omsorgstenester
Ferdigheter
Etter fullført praksis kan studenten
- Gjennomføre ein innkomstsamtale med sjukeheimspasient inkludert målretta pasientundersøkingLede ein sjukeheimsvisitt
- Forberede og gjennomføre ein pårørandesamtale om behandlingsplan
- Kommunisere med og undersøkje pasientar med demens
- Vurdere samtykkekompetanse
- Skrive ein epikrise etter sjukeheimsopphald
Generell kompetanse / haldningar
Etter fullført praksis har studenten:
- Ei heilskapleg tilnærming til pasientar i sjukeheim både i rehabilitering og i sluttfasen av livet i vissa om både fysiske, psykiske, sosiale og åndelege/eksistensielle behov
- Evne til å ta omsyn til personar med demens på ein respektfull måte
- Forståing for korleis ein gjennom legerolla kan bidra til auka livskvalitet på slutten av livet
- kompetanse til å aktivt ta del i tverrfagleg samarbeid i sjukeheimen og med andre kommunale tenester
Studiepoeng, omfang
3. studiepoeng.
2 veker med praksis
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av:
Eigenevaluering av læringsmåla
Tilbakemelding frå medstudent på gjennomført læringsaktivitet
Notat frå rettleier med tilbakmelding frå praksis