Amerikansk litteratur og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei innføring i og kunnskap om ulike emne innafor amerikansk litteratur og kultur frå eit historisk, sosialt, og estetisk perspektiv. Eit sentralt element i ENG122L er analyse av tekstar i hovudsjangrane prosa, poesi og drama. Desse vert undervist med auge på å utvikle studentane sine ferdigheiter i å identifisere og diskutere tematiske forhold og formelle og tematiske litterære og estetiske trekk, samstundes som ein tek opp ulike tilnærmingar til lesing og tolking.

Studiet har som mål å gjennom litteraturen gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen slik den speglar samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.

Gjennom analyser av ei rekkje litterære verk vil studentane få ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekka innanfor amerikansk litteratur og kultur, ofte i forhold til sentrale sosio-kulturelle og politiske samanhengar. Kurset har og som mål og utvikla studentens kritiske, analytiske, språklege og ferdigheiter, i tillegg til ferdigheiter innan problemløysing. Med hjelp av skriftlege og munnlege presentasjonar styrkar òg studenten sine munnlege og skriftlege ferdigheiter i akademisk engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten

- ei grunnleggjande forståing av amerikansk litteratur og kultur i ein historisk kontekst

- utvikla evna til sjølvstendig kritisk lesing av primærtekstar, grunna i analyser av litterære og ikkje-litterære tekstar

- ei forståing av tilhøvet mellom primærtekstane og dei større historiske, sosiale og politiske rammene dei høyrer til og er i dialog med

- ei forståing av det som karakteriserer dei ulike litterære sjangrane studiet omfattar, så som roman, novelle, dikt, skodespel og ikkje-skjønnlitterære tekstar

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten

- uttrykkja kunnskapen sin om amerikansk litteratur og kultur på skriftleg og munnleg akademisk engelsk, på ein organisert og høveleg måte

- identifisere og analysere hovudtrekka i litterære verk, drama-sjangeren, og narrative teknikkar

- skildre hovudperiodane og -bevegelsane i amerikansk litterær historie og samanhengane mellom desse

- forstå tilhøvet mellom historisk-kulturelle kontekstar og tekstar

- analysera tekstar i høve til sjanger og sentrale litterære termar

- lese på tvers av ulike periodar og tema

- vise forståing for at litterære tekstar kan verte analyserte med ulike teoretiske/metodiske tilnærmingar

- bruke akademiske omgrep og metodar på ein kritisk måte

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten

- vise kjennskap til grunnleggjande analytiske reiskap og teknikkar

- respondere sjølvstendig og kreativt på ulike litterære verk på høveleg akademisk skriftleg og munnleg engelsk

- skildre, analysere og tolke ulike litterære tekstar

- diskutere og evaluere betydinga historiske og kulturelle kontekstar har for tolkinga av språk og tekst

- tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig om kursets innhald

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Ein vil rå til at studentane har fullført førstesemesterstudiet.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp får ein ikkje studiepoengutteljing for ENG122L om det blir kombinert med ENG122.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar: opp til 72 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på seminara. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

For å kunne ta eksamen må studentane gjere ferdig og bestå to ulike obligatoriske arbeidskrav i tilknyting til seminara. Desse vil vere ein kombinasjon av ein individuell munnleg presentasjon, og/eller ein munnleg presentasjon i grupper på to eller tre studentar, og/eller respons på slik munnleg presentasjon, og/eller eit kort skriftleg arbeid i seminaret med «peer review», og/eller innleveringar av korte skriftlege arbeid på 300 ord, og/eller leiing av diskusjonar i seminara. Den eksakte kombinasjonen og fristar som gjeld vert annonsert på Mitt UiB i byrjinga av semesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to semester etter dette.

Vurderingsformer
Eksamen i emnet er ein 4 timars skoleeksamen, der studenten blir prøva i heile pensumet.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert gitt berre i undervisingsemesteret. Studentar med gyldig grunn for fråvær kan ta eksamen i byrjinga av påfølgjande semester.
Litteraturliste

Pensum omfattar litterære periodar, historiske hendingar og representative tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå 1600-talet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.