Farmakologi II

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

  • Emnet skal saman med FARM290 gi eit samla bilde av farmakologifaget. Dette inkluderer kjennskap til verkemåte, bruk, effektar og interaksjonar av dei viktigaste legemidla.
  • Å gje farmasistudentar naudsynt kunnskap og trening for å forklara og gje råd om legemidlar og farmakologisk terapi.
  • Emnet skal gi evne til å vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.

Innhald:

Emnet tar for seg dei viktigaste sjukdomane i dei ulike organsystema, som hjarte-kar, endokrine organ og sentralnervesystemet. I tillegg til innføring i sjukdomslære står medikamentell behandling av sjukdomar sentralt i kurset. Her vert verknadsmekanismen til medikamenta skildra, samt retningslinjer for bruk, biverknader, og interaksjonar med andre legemiddel.

I tillegg til forelesingar vil det vera tre kasus-presentasjonar der ein tar opp behandling av folkesjukdomar som t.d. kardiovaskulære lidingar

Det vert også gjeve grunnleggande undervisning i veterinærfarmakologi.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har kjennskap til:

  • Verknadsmekanismen til legemiddel som vert nytta i behandlinga av dei vanlegaste sjukdomane i Norge
  • Prinsipp for medikamentell behandling av dei vanlegaste sjukdomane i Norge
  • Bruk av eit breitt spekter av legemiddel.
  • Interaksjonar, kontraindikasjonar, forsiktigheitsreglar, overdosering / toksikologi i samband med legemiddel.
  • Særskilte forhold innan farmakologi, som graviditet og amming, legemiddelbruk hjå born og eldre.
  • Dei viktigaste legemidla og prinsippa for medikamentell behandling av sjukdomar hjå kjæledyr, husdyr og fisk
  • Korleis legemiddelmålingar og andre analysemetodar kan nyttast til persontilpassing av legemiddel og legemiddeldosering

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • Demonstrera korleis ein nyttar farmakologisk kunnskap til å rådgje om medikamentell behandling
  • Søka informasjon om legemiddel og setja saman ein farmakologisk handlingsplan for dels kompliserte sjukdomsbilete.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, kollokviar og kasus-presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette er føresetnadar for å kunna ta endeleg eksamen.

  • Deltaking på kasus-arbeid. Kasus-arbeid inkluderer både pre-quiz, gruppearbeid og presentasjon.
  • Innlevering og presentasjon av tildelt legemiddel.
  • Godkjent kasusrapport.


Tillat nivå av kunstig intelligens (KI) i samsvar med Det medisinske fakultet sin rettleiar:
Nivå A til og med nivå C.
Bruk av KI må bli oppgitt i eigenfråsegn til slutt i oppgåva, før kjeldelista. Dersom det blir oppdaga bruk av KI som ikkje er i samsvar med nivåa som er sett, er det å rekne som bruk av ulovlege hjelpemiddel og blir rekna som fusk.

Vurderingsformer

1: Skriftleg eksamen (fleirvalsoppgåver). 2-timars skuleeksamen i mars.

2: Munnleg eksamen. Studentane får utdelt 9 korte kasuistikkar 24 timar før eksamensstart. Eksamen vil vera delt inn i tre stasjonar, der studentane får spørsmål om ein av kasuistikkane på kvar stasjon. Studentane kan ta med seg skriftlege notat som hjelpemiddel til eksamen. Ingen digitale hjelpemiddel eller lærebøker er tillatne. Alle tre stasjonane av eksamen må vera bestått for å bestå munnleg eksamen.

Del 1 skriftleg eksamen må vera bestått før ein kan gå opp i del 2 munnleg eksamen. Det vil verta konte-eksamen for del 1 i god tid før del 2 munnleg eksamen.

Konte-eksamen i munnleg del vil haldast tidleg i påfølgjande semester. Alle delar av den munnlege eksamen må tas om igjen.

Dersom ein har bestått del 1 skriftleg eksamen treng ein ikkje ta denne på nytt dersom ein ikkje består del 2 munnleg eksamen.

Karakterskala

A-F.

Ein samla karakter der del 1 vil telja 25% og del 2 vil telja 75% av endeleg karakter.

Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programutval for farmasi
Administrativt ansvarlig
Klinisk institutt 2