Kunstig intelligens

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med dette emnet er å utforske kunstig intelligens frå ulike filosofiske perspektiv. Emnet vil for det første formidle og utvikle forståing for spørsmål om korleis vi skal forstå kunstig intelligens. Kva kan for eksempel kunstig intelligens fortelje oss om menneskeleg intelligens og omvendt? Emnet vil for det andre formidle og utvikle forståing for etiske spørsmål som oppstår i samband med bruken og utviklinga av kunstig intelligens. Kva for moglegheiter og kva slags risiko er til dømes forbundet med utviklinga av kunstig intelligens og korleis bør vi forholda oss til desse?

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha:

  • Ei grunnleggande forståing for korleis kunstig intelligens fungerer
  • Oversyn over ulike teoretiske tilnærmingar til utviklinga av kunstig intelligens
  • Kjennskap til viktige filosofiske bidrag til debattar om kunstig intelligens
  • Ei forståing av omgrep, argument og teoriar som er relevante for filosofiske debattar om kunstig intelligens

Dugleik

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Skildre og forklare sentrale omgrep, argument og teoriar frå kurslitteraturen
  • Rekonstruere og evaluere argument og teoriar frå kurslitteraturen og identifisere deira styrker og svakheiter
  • Kjenne att og evaluere skilnader mellom ulike teoretiske tilnærmingar til kunstig intelligens
  • Erkjenne implikasjonane av kunstig intelligens for studiet av kognisjon og bevisstheit
  • Identifisere ulike former for risiko som er forbunde med utviklinga og bruken av kunstig intelligens og diskutere dei etiske implikasjonane av desse
  • Reflektere over den moralske statusen til kunstig intelligens og tilhøvet mellom menneske og kunstig intelligens
  • Kommunisere forståing og idear knytt til emnet skriftleg

Kompetanse

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til å:

  • Bidra med filosofisk innsikt i offentlege debattar om kunstig intelligens
  • Studere filosofiske spørsmål om kunstig intelligens på eit meir avansert nivå

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Bestått ex.phil. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Omlag 20 timar med førelesingar i løpet av semesteret, og omlag 10 timar per veke på eiga hand til å jobbe med emnerelaterte oppgåver. Klassetid vil innebere førelesingar eller presentasjonar av emneansvarleg, diskusjonar og gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levere og få godkjent minst 4 mindre skriftlege oppgåver (omlag 500 ord per oppgåve). Fristar blir satt av instituttet.

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Vurderingsformer
Skuleeksamen på 4 timar
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi
Emneansvarlig
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium