Etikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- FIL228
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- oversyn over noen sentrale temaer innenfor moderne moralfilosofi
- innsikt i ulike filosofiske teoriar om grunnlaget for etiske vurderingar
- innsikt i korleis ulike moralfilosofiske standpunkt kan vere relevante for kva konklusjonar ein trekk i konkrete moralske/politiske spørsmål.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- identifisere sterke og svake sider ved ulike moralfilosofiske teoriar og posisjonar
- identifisere og ta stilling til relevante etiske omsyn og argument i etiske diskusjonar
- arbeide sjølvstendig med moralfilosofiske spørsmål og problemstillingar
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å lese moralfilosofiske artiklar og bøker på eit relativt høgt fagleg nivå
- vidare studiar i etikk og praktisk filosofi, t.d. på masternivå
Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finn stad, jamfør ordinære reglar.
Innlevering av eit oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.