Samfunn, fridom og rettferd

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette emnet gir ei innføring i sentrale tema innan politisk filosofi, med fokus på grunnleggjande normative spørsmål vedrørande staten. Vi byrjar med å utforske innverknadsrike teoriar om statens føremål og korleis statens politiske myndigheit kan rettferdiggjerast.

Deretter tek vi opp spørsmål om styring - spesielt kva det betyr for ein stat å vere demokratisk og kvifor dette er viktig. Vi vender oss så til dei politiske ideala om fridom og likskap, og vurderer korleis dei forheld seg til kvarandre og til rettferdsbegrepet. Vi vil sjå på ulike dimensjonar ved sosial rettferd, inkludert økonomisk rettferd, kjønnsrettferd, raserettferd og intergenerasjonell rettferd.

Til slutt utforskar vi global fattigdom, som reiser viktige spørsmål om moralsk ansvar og rettferd utanfor staten. Emnelitteraturen vil inkludere både klassiske og moderne tekstar, og undervisninga vil ta form av førelesingar og seminar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet, skal studenten ha:

  • ei oversikt over sentrale tema innan politisk filosofi;
  • forståing for dei sentrale omgrepa, spørsmåla, argumenta, teoriar og tradisjonane knytt til desse temaa og til politisk filosofi generelt;
  • forståing av korleis desse omgrepa, spørsmåla, argumenta, teoriar og tradisjonane er knytt til aktuelle politiske spørsmål;
  • kjennskap til viktig faglitteratur relatert til desse temaa.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet, skal studenten kunne:

  • forklare sentrale omgrep, spørsmål, argument, teoriar og tradisjonar innan politisk filosofi;
  • identifisere styrkar og svakheiter ved ulike synspunkt innan desse felta;
  • anvende sentrale omgrep, argument og teoriar innan politisk filosofi til debattar om aktuelle politiske spørsmål;
  • kommunisere idear knytt til emnets innhald, både munnleg og skriftleg.

Kompetanse

Etter å ha fullført emnet, skal studenten kunne:

  • delta i faglege debattar innan politisk filosofi;
  • bidra med filosofiske innsikter i offentlege debattar om politisk myndigheit, demokrati og sosial rettferd;
  • ta vidare utdanning i politisk filosofi.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Bestått ex.phil. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesningar og seminar.

Studentane vil bruke ca. 40 timer i klassen i løpet av semesteret, og ca. 8 timer per veke utanom klassen med emnerelaterte oppgåver.

Klassetida vil innebere førelesningar eller presentasjonar av faglærar, diskusjonar og gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta på minimum 7 av 10 førelesningar og minimum 7 av 10 seminar.

Studentane må fullføre minimum 5 skriftlege arbeid på omlag 300 ord kvar. Fristar blir satt av den førelesar.

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust / vår
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Undervisningsutvalet for fagstudiet i filosofi
Emneansvarlig
Undervisningsutvalet for fagstudiet i filosofi
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium