Planlegging og stadutvikling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studentane skal trenast i å forstå samfunnsplanlegging i lys av globalisering og kompleksitet forårsaka av samspelet mellom lokale og globale prosessar.

Kurset gir ei innføring og fordjuping i nyare kritisk planleggingsteori. Det vert lagt særleg vekt på å få fram kva respons lokal og regional samfunnsplanlegging møter og kan møte den global flyten av idear, kapital og menneske med. Ei sentral problemstilling i kurset er kva det vil seie å planlegge innanfor romleg kompleksitet. Kurset vektlegg såleis korleis ulike geografiske nivå spelar inn i lokale og regionale planleggingsprosessar. Det blir lagt særleg vekt på korleis new public management og nyliberalistiske styringssystem samspelar med politiske og ideologiske tilhøve, det økonomiske, det sosiale og materielle tilhøve. I undervisinga blir det lagt vekt på å eksemplifisere og å dikutere ulike praktiske og teoretiske tilnærmingar innan planlegging i lys av kontekstuelle føresetnader.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • gjere greie for utviklinga i samfunnsplanlegginga dei siste tiåra og for ulike kritiske tilnærming til og teoriar om planlegging og byutvikling.
  • gjere greie for sentrale tema innanfor samfunnsplanlegginga i dag, slik som klima, migrasjon og økonomisk krise og drøfte kva utfordringar planlegging i dag står overfor
  • gjere bruk av fagleg kunnskap for å forstå og drøfte resultat av samfunnsplanlegging og byutvikling.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Universitetet i Bergen og feltområde.
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande bakgrunn.
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggande kunnskap i geografi og samfunnsvitskap og basiskjennskap til samfunnsplanlegging.
Krav til studierett
Kurset er ope for studentar på masternivå som fyller kravet til forkunnskapar. GEO328 er eit særemne, og kan difor gå inn i det obligatoriske kravet om to særemne i mastergraden i geografi.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skuleeksamen, 5 timar
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO328vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.