Praksisemne i geografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Praksisopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetanse geografi gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgjevarar. Praksisopphaldet skal bidra til å la studenten tileigne seg profesjonsroller. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og fagleg kompetanse og ta i bruk faglege perspektiv for å drøfte og analysere innhaldet i arbeidet.

Innhald:

Gjennom praksisopphaldet arbeider studenten saman med dei tilsette på arbeidsplassen og tek del i tilnærma dei same arbeidsplasstilhøva og dei same produksjonsprosessane som dei. Dette skjer ved at studenten har ei deltakande rolle. Det er ein føresetnad at studenten får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og i forhold til verksemnda sine behov. Ved semesterstart vert det halde oppstartseminar med fokus på å førebu studentane på praksis og korleis faget skal brukast. Studentane får rettleiing både frå verksemda og frå Institutt for geografi. Studentane skal i ein praksisrapport i samråd med emneansvarleg drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift i eit fagleg perspektiv, eigen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret, samt presentere utgreiings- eller prosjektarbeid som er gjort for bedrifta.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Ferdigheiter

  • Nytte fagkunnskapane studiet i geografi gjev i ein reell arbeidssituasjon.
  • Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
  • Danne eit bilete av korleis bedrifter/verksemder organiserer arbeidet, og relatere faglege perspektiv til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
  • Reflektere meir medvitsfullt over eigen kompetanse, profesjonsrolle og drøfte bruk av fagleg kompetanse i praksis.
  • Kritisk vurdere eige praksisopphald.

Generell kompetanse

  • Skrive faglege forankra tekstar basert på behovet til arbeidsgjevar.
  • Kommentere og gi tilbakemelding på skriftleg arbeid.
  • Tileigne seg profesjonsrolle.
  • Planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit større prosjekt- eller utgreiingsarbeid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

UiB og prakisplass
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i geografi eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er for studentar på eit masterprogram i geografi.

Søknadsprosess:

  • Starten av januar: Utlysing
  • Midten av januar: Søknadsfrist
  • Slutten av januar: Tildeling av plassar

Emnet har avgrensa tal på plassar. Studentar får plass etter særskilt søknad. Rangering etter karaktersnitt og søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Introduksjonsseminar: 2-4 timar

Arbeid på arbeidsplass: 1-2 dagar pr. veke, totalt ca 25 dagar

Rapportskriving

Rettleiing frå arbeidsplass og Institutt for geografi

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på oppstartsseminaret og sluttseminar.

Levere ein rapport undervegs som blir publisert på nettsidene til Institutt for geografi.

Munnleg presentasjon av utkast til praksisrapport på sluttseminar.

Vurderingsformer

Praksisrapport (4-6 sider).

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester

Vurdering vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om utsett innleveringsfrist til studieveileder.geog@uib.no. Søknaden må sendast før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Emnet har ikkje felles litteraturliste.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med kvalitetssystem for utdanningane ved UiB.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.