Mesoskala dynamikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å introdusere studentane til atmosfæriske fenomen på skalaar frå eit par 100 meter til nokre få 100 kilometer, som vert omtala som mesoskala. Framfor alt vil studentane lære å identifisere og karakterisere ulike mesoskalafenomen og gjere greie for dei med fysiske og dynamiske uttrykk. Dette gjøres delvis med en synoptisk tilnærming.

Innhald:

Emnet tek for seg ei rekkje vêrfenomen som har mindre skala enn synoptiske skala, men større skala enn mikroskalaen. Disse ble sett på i en synoptisk sammenheng og har generelt ein lengdeskala på nokre få hundre meter til fleire hundre kilometer og tidsskala på opp til ein dag. Her finn ein også akselerasjonar i horisontal og vertikal vind som resulterer i store Rossbytal og tilhøve som gjer at ein ikkje kan nytta den hydrostatiske tilnærminga og kvasigeostrofisk teori. Kursmaterialet inneheld stoff om frontar, land-sjøbris, gravitasjonsbølgjer, hydraulisk teori, sirkulasjon knytta til orografi, fjell- og dalvind og konvektive vêrsystem. Emnet legg stor vekt på konseptuelle modellar og matematiske utleiingar for å beskrive observerte vêrsystem.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har lært å definere og karakterisere mesoskalafenomen
  • har oppnådd forståing av dei fysiske og dynamiske mekanismane som driv mesoskalafenomen
  • har lært nye løysingsteknikkar for atmosfæriske og fysiske problem

Ferdigheiter

Studenten

  • kan skrive maskinkode for å løyse numeriske problem og til å visualisere resultata
  • kan utleie analytiske løysingar på mesoskalaproblem
  • kan presentere og forsvare vitskaplege resultat for ei gruppe
  • kan tolke mesoskala vêr i ein synoptisk samanheng

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvikle idear for analytiske og (til ei viss grad) numeriske løysingar for eit problem
  • kan formulere problem innanfor eit fysisk og matematisk rammeverk
  • kan presentere og forsvare eigne idear for ei gruppe

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningssemester

Haust. Emnet går dersom nok studentar melder seg.

Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon:

https://www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad i Ver, hav og klimafysikk eller tilsvarande.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga. https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
3 x 2 timar med undervisning per veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Posterpresentasjon av resultat frå prosjektoppgåve

Gyldig i to semester: Inneværende og påfølgende semester.

Vurderingsformer

Mappevurdering

Mappa består av:

  • Skriftleg rapport frå prosjektoppgåve, utgjer 30 % av sluttkarakteren, gyldig i 2 semester
  • Munnleg eksamen på 40 minuttar, utgjer 70 % av sluttkarakteren

Vi reknar saman poengsummer frå delvurderingane for å bestemme sluttkarakter i emnet. Delvurderingane må vere bestått for å bestå emnet.

Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning i undervisningsåret er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.