Frå idé til prosjekt: å skrive vellukka prosjektsøknader

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål

Dette kurset har som mål å gi tidlegkarriere-klimaforskarar dei nødvendige ferdigheitene til å utvikle eigne forskingsidéar til vellukka prosjektforslag.

Innhald

Studentane skal stegvis og i samspel utvikle eigne forskingsidéar til prosjektforslag, samstundes som dei lærer korleis ein skriv gode søknader. Ved starten av kurset presenterer studentane prosjektidéane sine («pitching»), og tre av desse blir valde ut til vidare utvikling som prosjektkonsept. Deltakarane vil lære om dei sentrale komponentane i eit prosjektforslag (mål, effekt/impact, arbeidsplan), formidla gjennom iterative læringssyklusar som omfattar førelesingar, gruppearbeid og plenumsøkter. Resultata frå gruppearbeidet blir presenterte i plenum og vurderte gjennom fagfelle¬tilbakemelding. Det konkrete resultatet av kurset for dei tre utvalde idéane er eit prosjektkonsept som er klart til å utviklast vidare til ei fullstendig prosjektskildring. Vidare inneheld kurset informasjon om relevante finansieringsmoglegheiter for forskarar tidleg i karrieren. Undervisningsmetodane byggjer på konstruktiv tilpassing mellom læringsutbytte og studentane sine behov, samskaping av kursinnhald mellom lærarar og studentar, og bruk av aktive læringsstrategiar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • veit dei sentrale komponentane i eit prosjektforslag
  • veit korleis vellukka forskingsprosjekt blir utvikla, strukturerte og presenterte
  • veit dei mest relevante finansieringsmoglegheitene for forskarar tidleg i karrieren

Ferdigheiter

Studenten

  • kan presentere ei prosjektidé kort og presist (pitching)
  • kan utvikle dei sentrale komponentane i eit forskingsprosjekt – og strukturere desse til eit overtydande prosjektkonsept
  • kan utarbeide eit prosjektbudsjett

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og skrive eit fullstendig prosjektforslag basert på eigne idéar
  • kan identifisere relevante finansieringsmoglegheiter og arbeide strategisk fram mot innlevering av eit eige prosjektforslag

Studiepoeng, omfang

1 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

ph.d. nivå

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Minst 2 år forskningserfaring etter fullført mastergrad.
Anbefalte forkunnskaper
Arbeidserfaring i forskningsprosjekt.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For å starte på emnet må du ha ein studierett knytt til ph.d.- utdanninga ved UiB. Postdoktorar og forskarar ved UiB og Bjerknessenteret for klimaforskning kan delta på workshop. Postdoktorar og forskarar ved UiB som ønskjer å ta emnet med studiepoeng, må søkje om ansattstudierett med samtykke frå arbeidsgivar, i tillegg til å oppfylle opptakskrava til emnet. Informasjon om ansattstudierett ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er tilgjengelig her: Ansattstudierett ved NT-fakultetet | Fakultet for naturvitenskap og teknologi | UiB
Arbeids- og undervisningsformer

I emnet nyttar ein følgjande arbeids- og undervisningsformer:

  • Førebuing til kurset, 10 timar
  • Presentasjon av eigne forskingsidéar og diskusjon, 5 minutt per deltakar, totalt 1,5 timar
  • Førelesingar og introduksjon til gruppearbeid, 7 timar
  • Gruppearbeid, 3,5 timar
  • Presentasjon av resultat frå gruppearbeid i plenum og fagfelletilbakemelding, 3 timar

Totalt 25 arbeidstimar inkludert førebuingsarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte for hele kurset, 2 arbeidsdagar.

Obligatorisk aktiviteter er kun gyldig det semesteret emnet vert

undervist.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Munnleg

  • Pitching av idéar: Presentasjon og intervju i plenum. Vurdert av faglærar med munnleg tilbakemelding.
  • Presentasjon av resultat frå gruppearbeid i plenum: Vurdert av medstudentar gjennom organisert fagfelletilbakemelding, rettleidd og kvalitetssikra av lærarar.

Skriftleg

  • Løysing av oppgåver i gruppearbeid i ein digital arbeidsflate.

Vurdert gjennom presentasjon i plenum, sjå over.Alle delar av vurderinga må vere bestått for å få endeleg karakter i emnet.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emneansvarleg finn du i MittUiB.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitenskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.