Den faste jordas fysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dei overordna måla for dette kurset er å gje grunnleggjande kunnskapar i Matlab programmering, ei djupare forståing av ulike viktige tema i geofysikk (slik som jordskjelvseismologi, seismiske bølgjeutbreiing, gravitasjon, magnetisme og platetektonikk) og korleis Matlab programmering kan brukast til å studera desse geofysiske tema. Dette vert gjort ved å gje ei generell innføring i Matlab, særleg ved hjelp av programmeringsøvingar, ved å læra eit utval av dei ovanfor nemnde geofysiske tema, og til slutt ved å kopla Matlab og geofysikk ved hjelp av bestemde Matlab oppgåver knytte til desse geofysiske tema.

I dette kurset skal studentane tileigna seg grunnleggjande ferdigheiter i Matlab programmering, ei forståing av ulike emne i geofysikk og korleis desse er kopla saman. Matlab programmering vert innførd ved hjelp av ei rekkje teknikkar, med spesiell vekt på programmeringsøvingar. Matlab delen av emnet omfattar bruk av omtrent 70 Matlab-kommandoar, så vel som ei grunnleggjande innføring i programmeringsteknikkar (så som programstruktur (input, berekningar og output), utforming og testing av eit program, kommentering og grunnleggjande feilsøkjingssteknikkar). Matlab ferdigheiter er brukt i etableringa og manipulering av rekkjer og matriser, plotting (1D og 2D), lesing og skriving til filer, polare og kulekoordinatar, grunnleggjande statistikk, 1D integrasjon og 1D differensiering. Den geofysiske delen av emnet er teken frå ei rekkje viktige geofysiske tema i seismologi, magnetisme, gravitasjon og platetektonikk. Anvendelser av desse tema i Matlab inkluderer berekning av episenteravstandar, berekning av reisetider, analyse av seismisk aktivitet (lokal / regional / global) og berekning av magnetfeltet.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • forstår ulike grunnleggjande spørsmål knytt til programmering (herunder omgrepa input, berekning og output, bruk av kommentarar, riktig val av variabelnamn , presentasjonsprogram som pdf, grunnleggjande feilsøkjingstrategiar)
  • har ei god grunnleggjande forståing av grunnleggjande omgrep i numeriske problem (til dømes lesa datafiler, matrisemanipulasjon, nytte av statistiske kommandoar, plotta ulike geofysiske mengder i 1D, 2D og 3D)
  • forstår dei grunnleggjande prinsippa for ulike emne i fysikken til den faste jord (til dømes i seismiske undersøkingar, global seismologi, platerørsle og magnetisme) og kvifor programmering er viktig i desse felta

Ferdigheiter

Studenten

  • kan skriva små dataprogram som numerisk manipulerar (til dømes ved differensiering og integrasjon) ulike funksjonar som er viktige i fysikken til den faste jord.
  • kan forklara viktigheita av bruk av programmering i fysikken til den faste jord
  • har ei god forståing av ei rekkje relevante tema i geofysikk (inkludert seismologi, gravitasjon, magnetisme og platetektonikk)
  • kan skriva små dataprogram knytt til ei rekkje tema i fysikken til den faste jord (som seismiske undersøkingar, jordskjelvseismologi, platetektonikk, magnetisme og tyngdekraft)

Generell kompetanse

Studenten

  • kan skriva små dataprogram i Matlab som hjelper på forståinga og løysing av problem i geofysikk
  • kan skriva små dataprogram i Matlab for numerisk å løysa nokre matematiske problem som er av relevans i berekningsorientert geofysikk
  • har kunnskap om tydinga av berekningsorientert geofysikk i industri og akademia

Studiepoeng, omfang

10 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Lågaregradsemne

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOF162
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Totalt undervising i 12 vekerUndervising med veiledning av aktive læringsteknikkar: 4 timar / veke,Veileda øvingar: 2 timar / veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking i alle øvingar. Godkjente øvingar er gyldige i to (2) semester (inneverande og påfølgjande semester).
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein mappevurdering med følgjande vurderingsformer: Øvingar (25%), quizzes (25%), skriftleg eksamen (4 timar, 50%). Alle vurderingsdelar må vere bestått for å få eit samla resultat i emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.