Maringeologisk felt- og laboratoriekurs
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- GEOV231
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir ei praktisk innføring i bruk av maringeologiske og maringeofysiske instrumentar og feltmetodikk for innsamling og analyse/tolking av seismiske profiler, batymetridata og sedimentkjerner. Det vil bli gitt ei teoretisk innføring i de metodane som vert nytta under innsamling av data i felt og på laboratoria. Studentane skal utføre ei tolking av dei innsamla akustiske dataene samt beskrive og utføre analysar på innsamlet kjernemateriale.
Læringsutbytte
Ved fullført emne GEOV231 skal studenten kunne:
- planlegge innsamling av grunne seismiske data, batymetriske data og sedimentkjerner
- gjennomføre tolking og felt- og laboratorieundersøkingar på innsamla feltdata
- presentere datainnsamlinga, metodar, resultater og geologisk tolking i ein rapport der både stratigrafien og dei geologiske prosessane i studieområdet er skildra.
Undervisningssemester
Vår
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
GEOV108 eller GEOV110
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Feltkurs og øvingar med skriftleg innlevering. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 påfølgjende semester (gjelder fra og med vår 2017).
Vurderingsformer
Skriftleg rapport på eit utdelt datasett (seismikk og kjerner). Den skriftlege rapporten teller 100 % av karakteren. Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere rapport dei semestra emnet vert undervist.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.