Masterekskursjon i kvartærgeologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- GEOV322
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål: Kvartærgeologien i Europa har store regionale skilnader både i høve til kva prosessar som har verka i landskapet og ikkje minst kor lenge eit område har vore utsett for ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje studentane innblikk i og kunnskap om utvalde områder med fokus på den regionalgeomorfologiske og -stratigrafiske delen av kvartærgeologien. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg avanserte kunnskapar og førebu presentasjon av og diskusjon om kvartærgeologiske problemstillingar i Europa. Vidare skal ein kunne teikne geologiske skisser og detaljerte skildringar med påfølgjande tolkingar av utvalde ekskursjonsmål. Reisemål for ekskursjonen skiftar frå år til år og har tidlegare vore Island, Nord-Sverige, Skottland og Nord-Noreg.
Innhald: Ekskursjonen går normalt over seks dagar og vert førebudd gjennom seminar der ein gjennomgår litteratur som omhandlar aktuelle problemstillingar. Studentane vel eit emne som dei skriv eit essay om og som vert presentert for resten av gruppa. I tillegg til essayet vert studentane gjort ansvarlege for å presentere ein eller fleire av lokalitetane på ekskursjonen. Under ekskursjonen vert det ført feltjournal. På denne bakgrunn blir en temarapport utarbeidd og sett saman til ein meir omfattande ekskursjonsrapport. Uavhengig av kvar ein reiser vert studentane gitt ei brei opplæring i forskjellige typar avsetningar og former sett inn i ein regionalgeologisk kontekst.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan identifisere ulike eksogene prosessmiljø uavhengig av kva region ein vitjar
- kan skildre kva geomorfologiske prosessar som er og har vore aktive i eit område
- kan innhente og tolke data gjennom enkle feltarbeid
- kan presentere den kvartæregeologiske historia i ein region basert på litteraturstudiar og enkle feltstudiar
- kan organisere og skrive geologiske rapportar basert på feltobservasjonar
Ferdigheiter
Studenten
- kan konkludere om genese og prosessmiljø for ulke typar geologisk materiale avsett av ulke geomorfologiske agensar
- kan summera og tolka informasjon innhenta med enkle felt meodar
- kan framstilla og drøfte den kvartærgeologiske historia for eit område
Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdera kritisk litteratur publisert om gitte regionale kvartærgeologiske problemstillingar
- kan gjennomføra feltstudiar i Nord-Europa
- kan demonstrere evne til å arbeida individuelt, men også som ein del av ei gruppe både i feltsituasjonen og i ekskursjonssamanhengar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/nt/53575/undervisningsopptaket-ved-nt-fakultetet
Emnet er basert på ekstern finansiering og kan bli kansellert ved mangel på dette.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Seks seminarer à 2 timer tidleg i semesteret
Seks dagars feltkurs i slutten av semesteret.
Studenten skal trene på å utarbeide skriftleg materiale til feltkurset, og kan få oppgåver som il dømes å utarbeide korte intro-filmar, eller liknande.