Demokratiets kjerneaktørar: Veljarar, politikarar og byråkratar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- GOV218
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Dette kurset handlar om veljarar, folkevalde politikarar og tilsette i den offentlege forvaltninga. Dei tre gruppene er kjerneaktørar i det liberale representative demokratiet med ulike roller, føresetnader og rammer. Gjennom å lære meir om desse gruppene set vi i dette kurset det liberale representative demokratiet under lupa. Vi skal lære om: kva for normer og forventningar er knytte til rolla som veljar, politikar og forvaltningstilsett, kva for fridom, makt og ansvar dei ulike gruppene har i det liberale representative demokratiet og kva for utfordringar og avgrensingar dei ulike gruppene møter.
Sentrale spørsmål er:
Om veljarane: Kva er ulike grupper av veljarar opptekne av? På kva grunnlag avgjer dei kven de skal stemme på? Kva byggjer dei si oppfatning av stat og styring på? Kva kjenneteiknar god demokratisk kultur? Kva gjer veljarane nøgde med demokratiet? Korleis får dei tillit til systemet? Kva bryt ned denne tilliten?
Om politikarane: Korleis forstår dei si rolle i demokratiet? Korleis representerer dei veljarane? Kva gjer at nokon blir politikarar og andre ikkje? Kvifor blir enkelte i politikken lenge og kva har det å seie? Kva for rolle speler ulike partiorganisasjonar, partiprogram og partikulturar for politikarane? På kva måtar liknar politikarane på veljarane og på kva for måtar er dei ulike? Kva for ansvar har politikarane for å følgje og oppretthalde demokratiske spelereglar? Kva er konsekvensane dersom dei ikkje gjer det?
Om forvaltninga: I kva grad opplever forvaltningstilsette politisk press mot deira faglege sjølvstende? Og bør tilsette i forvaltninga ignorere eller motarbeide politikarar dei oppfattar at bidrar til å undergrave demokratiet? Er utdanningsskiljet mellom forvaltningstilsette og befolkninga i stort eit problem? Korleis forheldt forvaltninga seg til populistiske, anti-statlege kampanjar og byråkratforakt? Kva for rolle speler organisatoriske rammer og kulturar i ulike forvaltningsorgan? Kva for ansvar har forvaltninga for å oppretthalde det liberale, representative demokratiet?
Kurset fokuserer på aktuell forsking, metode og teori om politisk åtferd. Til å hjelpe oss med å studere desse viktige spørsmåla vil vi nytte og analysere data samla inn på veljarar, politikarar og byråkratar i Noreg gjennom surveyinfrastrukturen KODEM som vert leia frå instituttet.
Kurset er sett saman av førelesingar. Førelesingane vil gi ei oversikt over forsking på korleis veljarar, politikarar og byråkratar forstår og utøver si demokratiske rolle og i kva grad dette har endra seg over tid.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avsluttet emne ha følgende læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten...
- kjenner til sentrale spørsmål, omgrep og teori knytt til det liberale representative demokratiet sett frå perspektivet til veljarar, politikarar og tilsette i offentleg forvaltning.
- kan gjere greie for korleis dei tre gruppene utøver sine roller, kva for ansvar dei har i teori og praksis, kva for institusjonar og kulturar som er viktige for dei, og kva for utfordringar, avgrensingar og konfliktar dei opplever.
- har innsikt i kva som kjenneteiknar dei tre gruppene og moglege demokratiske utfordringar knytt til korleis desse gruppene er sett saman.
- har grunnleggjande forståing for og erfaring med korleis problemstillingane kan adresserast empirisk.
Ferdigheter
Studenten kan...
- bruke teori og empiri til å undersøkje sentrale problemstillingar knytt til veljarar, politikarar og byråkratar i demokratiet.
- presentere kritiske analyser av og trekkje linjer mellom relevant litteratur innafor fagfeltet.
- utvikle testbare hypotesar og gjennomføre enkle statistiske analyser basert på tilrettelagde studentdatasett.
Generell kompetanse
Studenten kan...
- opparbeide seg kompetanse i å skrive akademiske tekster.
- lese og vurdere statistiske akademiske arbeid.
- undersøke, debattere og kritisere sentrale teoriar og konsept innafor forsking på demokrati og politisk åtferd.
- anvende enkle empiriske analyser for å undersøkje relevante problemstillingar innafor faget.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Delta på minst 8 av 10 førelesingar.
Ei obligatorisk gruppeoppgåve som involverer analysar av data om velgjarar, politikarar eller byråkratar. Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig inneverande og påfølgjande semester.
Vurderingsformer
6 timars skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
- Avbrot under eksamen
- Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb.