Kvalitetsforbedring i helsetjenesten

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målsetninga med emnet er å gi studentene kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i høve til å forbetre og sikre kvalitet på helse- og omsorgstenester.

Studentane skal blant anna få innsikt i:

  • Forventningar og krav til kvalitet frå pasientar og styresmakter
  • Kva for teoriar og metodar for kvalitetsforbetring som er mest relevante for norsk helsevesen
  • Korleis måle og vurdera kvalitet
  • Korleis utvikla og innføra eit kvalitetssystem i ei avdeling eller organisasjon
  • Korleis rettleia einskildpersonar, grupper og organisasjonar gjennom kvalitetsutviklingsprosessar
  • Kva for krav som vert stilt til leiarar som vil utvikla god kvalitet i ein organisasjon

Læringsutbytte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Kandidaten har avansert kunnskap om sentrale teoriar og det vitskapelege grunnlaget for kvalitetsforbetring i helsetenesta.
  • Kandidaten har inngåande kunnskap om kvalitet som omgrep og førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt i tenestene.
  • Kandidaten har inngåande kunnskap om korleis samfunnsmessige endringar, rammevilkår, ny kunnskap og innovasjonar kan påverke kvaliteten og moglegheita for kvalitetsforbetring i helsetenesta.
  • Kandidaten har avansert kunnskap om metodar og verktøy for forbetring av kvalitet og kan anvende desse på ny område.
  • Kandidaten har inngåande kunnskap om tydninga av brukarmedverknad i utviklinga av tenestene.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan analysere og forhalde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende desse til å avdekke og forstå moglege konsekvensar av kvalitetssvikt i tenestene.
  • Kandidaten kan ved hjelp av teoriar, metodar og innøvde ferdigheiter på sjølvstendig grunnlag planlegge, gjennomføre og evaluere kvalitetsforbetring.
  • Kandidaten kan legge til rette for brukarmedverknad i utvikling av tenestene.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan ved hjelp av kunnskapane og ferdigheitene sine bidra til systematisk kvalitetsforbetring i helsetenesta.
  • Kandidaten kan kommunisere og formidle analysar og konklusjonar angåande tenestekvalitet til leiarar, kollega og allmenheita.
  • Kan analysere og forstå korleis organisering og tilrettelegging av tenestene påverkar brukarane si oppleving av heilskaplege og koordinerte tenester.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Studentane skal ha utdanningsnivå tilsvarande minimum bahelorgrad, i tillegg til minst to års erfaring frå helsetenesta.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studiet er berekna på helsepersonell med grunnutdanning av eit omfang som minimum tilsvara ein bachelor-grad, og som har minst to års relevant yrkespraksis frå norsk helseteneste. Ein søker opptak til emnet via EVU-søknadsweb.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er i stor grad interaktiv. Teoriar, modellar og forskingsbasert kunnskap blir forklart og diskutert ut frå dagsaktuelle tema i helsetenesta, gjerne med utgangspunkt i studentane sin eigen praksis. Studentane har ei aktiv rolle i læringa også overfor medstudentar gjennom gruppearbeid og diskusjonar der ein nyttar kunnskapen. Delstudiet er lagt opp med 5 samlingar der tre er fysiske i Bergen og to er digitale. Studiet går over eit tidsrom på om lag 6 månader. Det må reknast med tid til sjølvstudium mellom samlingane.

Kunstig intelligens er eit verktøy de kan bruke i studiet, men det må nyttast på ein ansvarleg måte. Det medisinske fakultetet har eigne retningslinjer for bruk av KI. For oppgåver/eksamen i dette emnet er det KI-verktøy i kategori A og B som er tillatne.
Du vil ved kvar oppgåve/eksamen bli beden om å stadfeste bruk av KI i svara dine.

https://www4.uib.no/det-medisinske-fakultet/for-studenter-ved-det-medisinske-fakultet/bruk-av-kunstig-intelligens-ki-ved-det-medisinske-fakultet

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i undervisningssamlingar (krav: 80 % oppmøte)
Fordjupingsoppgåve (gruppearbeid)
Vurdere ei medstudent si skisse til eksamenssvar
Eit refleksjonsnotat (individuelt)

Vurderingsformer
Munnleg gruppeeksamen (presentasjon og eksaminasjon) som tel 35% av karakteren.
Individuell eksamen som tel 65% av karakteren.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturliste blir lagt ut på Mitt UiB/Leganto.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert gjennom fortløpande tilbakemeldingar, evalueringssamling siste dag kvar samling, og elektronisk spørreundersøking i etterkant av kurset.
Programansvarlig
Programutvalg for ledelse, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse
Administrativt ansvarlig
Institutt for global helse og samfunnsmedisin