Helseleiing
Masteremne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- HELED620
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med studiet er å bidra til å styrkja kunnskapane til den enkelte student og ferdigheiter som er naudsynt for å vera leiar i helsesektoren.
Studiet skal gje innsikt i:
- Tilhøve som fremjar og hemmar god leiing i helsevesenet.
- Korleis organisasjonsteori kan brukast som eit analyseverktøy i helsevesenet.
- Sosialmedisinske grunnomgrep om helsa til folkesetnaden og sjukdom
- Prioriterings- og effektiviseringsutfordringar i det norske helsevesenet
- Reformer som på ulike nivå i helsevesenet dannar rammer for god leiing og organisering av den enkelte eininga
- Tilhøve som fremjar og hemmar læring i kunnskapsorganisasjonar.
- Kommunikasjon på tvers av ulike profesjonsgrupper
- Samhandling og endringsleiing
Læringsutbytte
Kurset skal gi innsikt i sentrale problemstillingar for leiarar i helsesektoren:
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- Kjenner godt til dei viktigaste rammene for organisering av helsevesenet, arbeidsmåtar, leiing og styring, og ulike teoretiske modellar for dette
- Har inngåande kunnskap om leiingsfaget si historiske utvikling og dei mest sentrale teoriane om leiing
- Kan forklare teoretiske perspektiv innan organisasjonsstruktur og -kultur og korleis desse verkar inn på leiing i moderne helseorganisasjonar
- Kjenner til Norges globale helseforpliktingar, prioriteringskriterium og prinsipp for etiske vurderingar
Ferdigheiter:
Studenten
- Forstår ulike teoretiske modellar for å styre, leie og organisere helsetenestene
- Kan drøfte utfordringar med å styre og leie helsetenestene
- Kan drøfte konsekvensar av ulike verktøy for styring av helsetenestene
Generell kompetanse:
Studenten
- Kan reflektere kritisk over samanhengar mellom ulike verktøy for styring, rammevilkår og utøving av helsetenestene
- Forstår og kan anvende ulike modeller for styring, organisering og leiing av helsetenestene
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar vert haldne av lærebokforfattarar, fagansvarlege, forskarar og reflekterte praktikarar. Det vert lagt opp til ei dialogisk arbeidsform. Teoriar og omgrep frå pensum vert drøfta i plenum og i grupper, med utgangspunkt i deltakarane sine eigne røynsler. At studiet er erfaringsbasert, tyder at røynslene til deltakarane aktivt vert brukt som ein ressurs i undervisinga.
Studentane må setja av tid til sjølvstudium mellom samlingane. Gjennom det nettbaserte støttesystemet Mitt UiB, blir det gjeve tilgjenge til aktuell litteratur, timeplanar og anna informasjonsmateriale.
Undervisinga vert konsentrert i fire samlingar. Dei fire samlingane strekkjer seg over ein periode på eit halvt år. Oppstart er i haustsemesteret og eksamen på nyåret.
Kunstig intelligens er eit verktøy de kan bruke i studiet, men det må nyttast på ein ansvarleg måte. Det medisinske fakultetet har eigne retningslinjer for bruk av KI. For oppgåver/eksamen i dette emnet er det KI-verktøy i kategori A og B som er tillatne.
Du vil ved kvar oppgåve/eksamen bli beden om å stadfeste bruk av KI i svara dine.
https://www4.uib.no/det-medisinske-fakultet/for-studenter-ved-det-medisinske-fakultet/bruk-av-kunstig-intelligens-ki-ved-det-medisinske-fakultet
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunna gå opp til eksamen, må studenten ha
- minimum 80% oppmøte i undervisinga
- Gjennomføre eit gruppearbeid som vert presentert munnleg i plenum, støtta av ein PPT-presentasjon
Vurderingsformer
Eksamen består av to delar:
- Del 1: Individuell oppgåve som tel 50% av karakteren
- Del 2: Gruppeoppgåve som tel 50% av karakteren