Kvantitative forskningsmetodar og -tradisjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Studentane skal gjennom emnet få inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsmetodar brukt i helsefagleg forsking. Kunnskapen skal danne grunnlag for val av forskingsdesign og metode som er egna til forskingsspørsmålet i masteroppgåva. Emnet skal bidra til utvikling av ein analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på kunnskap om metode og metodebruk.

Innhald:

Emnet dekkjer forskingsmetodiske tilnærmingar i observasjonsstudier og eksperimentelle studier, og kva for studiedesign som er egna til å svare på ulike forskingsspørsmål. Studentane skal lære om kjenneteikn, styrker og svakheiter ved dei ulike studiedesigna og kva for assosiasjonsmål som vert brukt. I tillegg skal emnet gi kunnskap om grunnleggande omgrep som validitet og reliabilitet innan vitskaplege metodar og forholdet mellom kausale og statistiske assosiasjonar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsdesign og metodar, og kva for type kunnskap desse er eigna til å bringe fram
  • inngåande kunnskap om ulike former for bias som begrensar studiars validitet og reliabilitet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • utforme, grunngi og kritisk vurdere kvantitative forskingsdesign i høve til aktuelle problemstillingar
  • orientere seg om tidlegare forsking i eit problemfelt og utvikle forskbare problemstillingar med utgangspunkt i eksisterande forsking

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • reflektere over metodebruk
  • sjølvstendig nytte sine kunnskapar om metodiske framgangsmåtar i planlegging og gjennomføring av kvantitative forskingsprosjekt
  • vise evne til kritisk refleksjon over eiga rolle og posisjon som forskar i kunnskapsproduksjonen

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Krav til forkunnskaper

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

HELSAM305A overlapper med:

Krav til studierett

Studentar ved Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

  • Førelesingar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Seminar
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium

Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Innlevering av skriftleg utkast til prosjektplan
  • Godkjente arbeidskrav i MittUiB

Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i tre semester.

Vurderingsformer

Skriftleg individuell oppgåve

Arbeid med eksamen og utvalte arbeidskrav skal vere i tråd med retningslinjer for bruk av KIved Det medisinske fakultet. I kva grad du kan bruke KI vil vere spesifisert i MittUiB og/eller i den gjeldande oppgåva.

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista er i Leganto

Emneevaluering

Emnet blir evaluert etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringer blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarlig

Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn

Administrativt ansvarlig

Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.