Innføring i historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- HIS100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet tek sikte på å gje ei innføring i historie som universitetsfag og gi studentane innsikt i korleis historikarar arbeider. Det legg særleg vekt på å tydeleggjera kva som kjenneteiknar historia som vitskapleg disiplin, og å reflektera kring kva som skil universitetsfaget historie frå den historia ein møter i andre samanhengar - til dømes som undervisningsfag i skulen, som argument i den politiske diskusjonen eller som eit utgangspunkt for fiksjon og drama.
Studentane blir kjent med historiske ferdigheiter som å lese forskingslitteratur, stille kjeldekritiske spørsmål mot primærkjelder og skrive akademiske oppgåver.
Emnet er ikkje del av spesialiseringa i historie, men vert tilrådd for alle studentar som vil spesialisera seg i historie.
Emnet er obligatorisk for alle som følgjer lektorprogrammet i historie og religionsvitskap med historie som fag 1.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap og ferdigheiter:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar historie som universitetsfag
- har ei forståing for kvifor syn på historie endrar seg og kvifor det kan oppstå fagleg usemje blant historikarar.
- har kunnskap om korleis historie har blitt brukt og vert brukt til politiske formål.
Ferdigheiter
Studenten
- har opparbeidd evne til å kritisk vurdera historiske kjelder og framstillingar.
- har tileigna seg evne i å formidla historiefagleg kunnskap skrifteleg
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
4- timars skriftleg skuleeksamen på inntil 1500 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på omlag 800 sider