Historisk forskingslitteratur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor eit forskingsfelt. Studentane skal skrive ei oppgåve. Val av tema for oppgåva skjer i samråd med rettleiar. Studentane skal òg lære seg munnleg presentasjon og diskusjon av fagstoffet.

Undervisninga er organisert i masterseminar inndelt etter hovudtema og historiske periodar.

Trykk her for meir informasjon masterseminara

Læringsutbytte

Studenten har avslutta emne følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar innan eit tematisk avgrensa forskingsfelt og oversikt over den viktigaste litteraturen.
  • kjenner til dei mest sentrale synspunkta, teoriane og metodane innan feltet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere problemstillingar og finne fram til relevant forskingslitteratur i tilknyting til desse.
  • kan sjølvstendig analysere grunnlaget for dei forskjellige synspunkta, teoriane og metodane i denne forskingslitteraturen.

Generell kompetanse

Studenten

  • demonstrerer evne til å analysere og dokumentere vitskapleg gjennom det skriftlege arbeidet.

har evne til å presentere faglege problemstillingar munnleg og i diskusjonar med faglærarar og medstudentar.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet i historie ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i masterseminar. Instituttet tilbyr ulike masterseminar inndelt i tema/periodar. Studenten vel relevant masterseminar i samråd med rettleiar. Studenten skal delta aktivt med å leggja fram og diskutera oppgåvetekstar i seminaret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal leggja fram minst eitt utkast til oppgåve for masterseminaret og gje ein munnleg presentasjon av denne.

Studenten skal gje skriftlege eller munnlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Studenten må få godkjent aktivitetane for å gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Studentane skal skriva ei oppgåve på om lag 6000 ord.

Oppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Studentane må arbeide med relevant litteratur på om lag 1200 sider, utvald i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.