Historie: forskingsproblem og kjeldearbeid for lektorstudentar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studentane skal lære å formulere historiske problem og klargjere kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Metodiske problem knytte til bruken av ymse kjeldetypar høyrer med til emnet.

I dette emnet lærer studenten korleis dei skal førebu ei forskingsoppgåve med særleg vekt på problemformulering, avgrensing og kjeldekunnskap.

Studentane skriv ei oppgåve. Oppgåva vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av kva litteratur og kjelder som vil vera relevante for testing av hypotesar som er avleidde av problemformuleringa, gi konkrete døme på slike kjelder, drøfte problem knytt til bruken av dei og gjerne også døme på analyse.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har djupare innsikt i historisk metode knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit historisk tema.

Ferdigheiter

  • Studenten kan utvikle og formulere historiske problemstillingar innan eit avgrensa tema.
  • Studenten er i stand til å klargjere og avgrense kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet.
  • Studenten kan analysere forskingslitteratur/kjelder sjølvstendig og trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse

  • Studenten har grunnleggjande kompetanse i å kartlegge og vurdere kjeldemateriale for historisk forsking
  • Studenten kan formulere eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme.
  • studenten har sjølvstendige evner til å analysere, syntetisere og dokumentere vitskaplege framstillingar.

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Normal studieprogresjon i lektorprogrammet
Studiepoengsreduksjon
HIS303L har fagleg overlapp med HIS303, og dei to emna kan ikkje kombinerast.
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap (med historie som fag 1) ved Det humanistiske fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Studenten får rettleiing i arbeidet med oppgåva. Undervisninga skjer i masterseminar og studenten vil kunne leggja fram utkast til diskusjon i masterseminaret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Semesteroppgåve på 4000-6000 ord. Studentane får ei individuell tilbakemelding på oppgåva.

Oppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Studentane set i samråd med rettleiar opp ei liste med relevant litteratur.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Det humanistiske fakultet.
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap