Human Immunobiology
Masteremne
- Studiepoeng
- 4
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- HUIMM303B
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk (ev. norsk etter ønske frå alle studentane).
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Kurset tek sikte på å gi eit djuptgåande forståing av avansert molekylær og cellulær immunologi, med fokus på aktuelle emne innan immunologifeltet. Det blir også lagt vekt på å forklara nye konsept for immunforsvaret og immunologiske sjukdommar. I tillegg skal kurset gi ein presentasjon av dei immunologiske fagmiljøa og ekspertisar som er ved UiB.
Læringsutbytte
Kunskåp
Etter fullført emne skal studenten kunna:
- Kjenna igjen hovudtypar av celler, vev, signalmolekyl og bioaktive faktorar (komponentar), som immunsystemet består av.
- Skisser utviklinga og modningsprosessen til immunkompetente celler.
- Forstå dei grunnleggjande mekanismane for korleis immunsystemet blir aktivert og reagerer på stimuli t.d. infeksjonar, *vevsskade eller kreft.
- Ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp for forsvar og kamp mot infeksjonar. Presentera metodar/behandling som kan styrkja immuniteten mot smittestoff (t.d. vaksinasjon).
- Gjer greie for hovudgrupper av sjukdommar knytt til eit sviktande immunsystem (f.eks.autoimmunitet, allergi og immunsvikt) og beskriva generelt sjukdomsprosessane.
- Skissera metodar for behandling av immunrelaterte sjukdommar og symptom.
Ferdigheiter
- Beskriv korleis immunologiske metodar kan brukast i biologisk og medisinsk forsking.
- Nytta immunologisk kunnskap til eige forskingsprosjekt.
Generell kompetanse
- Få spesifikk kunnskap om korleis immunsystemet fungerer ved helse og sjukdom.
- Å kunna skilja den immunologiske komponenten i ei rekkje komplekse helsespørsmål.
- Forstå viktigheita av å bruka immunologisk kunnskap i både førebygging og kamp mot sjukdommar.
Studiepoeng, omfang
4 studiepoeng.
Studienivå (studiesyklus)
Masterstudentar eller studentar med liknande bakgrunn innan biologi, medisin, odontologi eller farmasi.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningssted
Lab. bygget / BB-bygget ved Haukeland Universitetssjukehus.
Krav til forkunnskaper
- Studenten bør vera på høgare nivå (ha ein BSc eller tilsvarande)
- Grunnleggjande kunnskap om immunologi
- Grunnleggjande kunnskap om *humanbiologi
Anbefalte forkunnskaper
- Grunnleggjande kunnskap om cellebiologi og human immunologi blir tilrådd.
Studiepoengsreduksjon
HUIMM303 og HUMM303A
Krav til studierett
Ja
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset omfattar forelesingar, seminar, prosjektpresentasjonar frå studentane, og dessutan eigenstudiar og studentpresentasjonar med diskusjonar av immunologiske artiklar innom aktuelle forskningsfelt.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal delta på minst 80% av undervisninga / forelesingar for å kvalifisera seg til å få gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Vurdering av *artikelpresentasjoner.
Munnleg eksamen, 2 timar.
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Litteraturliste
Mitt UiB vil vise både forelesninger og hvilken bok som nyttast i undervisningen.
Abbas, Lichtman and Pillai. Cellular and Molecular Immunology. 10th Edition, 2021, Saunders Elsevier, ISBN 9780323757485.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Utvidet studieledelse ved Det medisinske fakultet
Emneansvarlig
Yenan Bryceson