Sikre protokollar for nettverk og kommunikasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 2.5
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- INF641
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Nettverks- og kommunikasjonssikkerheit er ein viktig del av IT-sikkerheit sidan dei fleste cyberangrep blir utførte anten ved hjelp av nettverkstilkoplingar eller er retta mot nettverksinfrastruktur. Kurset fokuserar på dei vanlegaste svakheitene og angrepa på nettverksprotokollar, og på bruk av sikkerheitsprotokollar og verneteknikkar for datanettverk og kommunikasjon. Det vil også undersøkja nokre standardverktøy for automatisert testing og overvaking av nettverkssikkerheit. Gjennomføring av kurset vil bidra til ei betre forståing av nettverkssikringsrisikoar og korleis ein kan møta dei.
Innhald:
TCP/IP-modell
Nøkkeldistribusjon - Kerberos og PKI
Applikasjonslaget sikkerheit (HTTPS, DNS og BGP)
Transport Layer Security (TLS)
Denial of Service (DoS) angrep
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten
- kan femlags TCP/IP-modellen
- kan finne løysingar for nøkkeldistribusjon ved bruk av symmetrisk og asymmetrisk kryptografi
- kan nettverkssikkerheitsproblem og korleis desse blir handterte på ulike lag av passande sikkerheitsprotokollar
Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å identifisera potensielle nettverkssårbarheiter og foreslå relevante mottiltak
- er i stand til å bruka verktøy for testing og overvaking av nettverkssikkerheit
- er i stand til å bruka og fremja sikker nettverkspraksis
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklara sikkerheitsrelaterte problemstillingar for eit ikkje-teknisk publikum, foreslå sikkerheitsløysingar og argumentera for dei.