Arbeid og helse globalt, ei innføring
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- INTH310B
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Studentane skal ved avslutta emne ha erverva seg grunnkunnskap om arbeid og helse, og forstå korleis slik kunnskap kan brukast for å førebyggja utvikling av arbeidsrelaterte sjukdommar og skader, i eit globalt perspektiv.
Innhald i studiet:
- Arbeidsmiljø og helse- definisjonar og omgrep
- Kjemiske, biologiske, fysiske og psykososiale faktorar i arbeidslivet, og korleis sjukdommar og skadar kan utviklast pga. eksponering for slike faktorar
- Metodar for evaluering og måling av arbeidsmiljøfaktorar
- Førebygging av arbeidsrelatert sjukdom og skade
- Arbeidsmiljø og helse i eit globalt perspektiv.
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap
Studenten kan:
- beskriva definisjonar og basale uttrykk om arbeid og helse
- kjenna igjen dei viktigaste risikofaktorane for arbeidsrelatert sjukdom og skade, både nasjonalt og internasjonalt
- beskriva dei viktigaste arbeidsrelaterte sjukdommar nasjonalt og internasjonalt
- forklara hovudtrinna i ei risikovurdering av ein arbeidsplass-beskriva samanhengen mellom eksponering for arbeidsmiljøfaktorar og helse-beskriva hovudtrinna i førebyggjande arbeid for å redusera eksponering for risikofaktorar for helse på ein arbeidsplass
Ferdigheiter
Studenten skal vera i stand til å:
- utføra ei enkel risikovurdering av ein arbeidsplass
- gi råd om korleis ein skal førebyggja arbeidsrelaterte sjukdommar og skader
Generell kompetanse
Studenten skal kunna:
- forstå og diskutera interaksjonen mellom dei ulike aktørane innan arbeidshelse; tilsette, leiarar, helse- og sikkerheitspersonell, bedriftshelseteneste, arbeidsmedisinske klinikkar og Arbeidstilsyn
- reflektera over arbeid og helse i eit globalt perspektiv
Studiepoeng, omfang
Fulltid i tre uker.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Krav til forkunnskaper
Studentar som er tekne opp på eit masterprogram i Global helse, Public Health eller Internasjonal helse kan delta på kurset. Studentar med annan bakgrunn kan takast opp etter individuell søknad. Gode engelsk-kunnskapar er nødvendig.
Anbefalte forkunnskaper
Studentar som deltek i masterprogrammet i global helse på SIH, eller som er frå institusjonar som SIH har ein mobilitetsavtale med eller som SIH har eit kompetansefremmande prosjekt med blir prioritert til opptak på kurset.
Studiepoengsreduksjon
Delvis overlapp med INTH660 - Occupational Health in Developing Countries, INTH310A - Introduction to Occupational Health and ELMED209 - Arbeidsmedisin i utviklingsland (3 ECTS)
Krav til studierett
Studentar som er tekne opp på eit masterprogram i Global helse, Public Health eller Internasjonal helse kan delta på kurset. Studentar med annan bakgrunn kan takast opp etter individuell søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Studentaktiviserande undervisnings- og arbeidsformer vert vektlagt: Førelesingar kombinerast med studentførebuande og studentaktiviserande element, seminar med munnlege framlegg og diskusjon av teori, vitskaplege artiklar og problemstillingar knytt til arbeid og helse, arbeidsplass vitjingar, vitjingar på sjukehus, demonstrasjonar av måleutstyr og verneutstyr.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må delta i arbeidsplassbesøk, demonstrasjonar av utstyr, sjukehusbesøk, gruppe- og individuell oppgåveløysing og munnlege presentasjonar.
Vurderingsformer
Fysisk eksamen siste dag av kurset, med ein munnleg presentasjon.
Karakterskala
A-F (F = stryk)
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Kursleiar vil be studentane om ein kort munnleg evaluering kvar måndag i kurstida.Studentane vil bli bedne om å svara på eit skriftleg spørjeskjema ved slutten av kurset.
Programansvarlig
Programutval for global helse
Emneansvarlig
Professor Bente E. Moen, Senter for internasjonal helse
Administrativt ansvarlig
Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, UiB