Italiensk tekststudium og litteraturteori

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

ITAL302 skal gje utvida kunnskapar om italiensk litteratur og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur. Emnet skal òg gje innsikt i nokre sentrale litteraturvitskaplege teoriar.

Emnet inneheld to komponentar: ein teoretisk og metodisk del og ein skjønlitterær del. Hovudføremålet med emnet er å presentera nokre sentrale teoriar og metodar som har relevans for italiensk litteraturvitskap. Dessutan skal det gje ein breiare kjennskap til italiensk litteratur gjennom fordjuping i utvalde litterære verk. På denne måten skal emnet gje masterkandidatane eit betre grunnlag for å velja emne og teoretisk ramme for masteroppgåva.

Læringsutbytte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har kunnskap om nokre grunnleggjande teoriar innanfor moderne litteraturvitskap

- har kunnskap om metodar som er relevante for litteraturvitskaplege problemstillingar

- har spesialkunnskapar om einskilte skjønnlitterære verk, emne eller sjangrar og kjennskap til den kulturhistoriske samanhengen dei står i

Dugleikar

Studenten

- kan arbeida sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar

- kan drøfta den relevansen dei teoriar og metodar ein har skaffa seg innsikt i, har i høve til ei konkret problemstilling

- kan bruka på sjølvstendig måte dei teoretiske reiskapane ein har skaffa seg i tekstanalyse

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad med spesialisering i italiensk.
Anbefalte forkunnskaper
Italiensk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i italiensk ved Universitetet i Bergen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunna gå opp til eksamen i dette emnet må studenten ha fått godkjent ei oppgåve i skjønnlitterær analyse (på om lag 3000 ord).
Vurderingsformer
ITAL302 har ein skriftleg skoleeksamen på 6 timar. Studentane har høve til å nytta italiensk-italiensk ordbok under eksamen. Ordboka skal vera fri for tilføyingar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Litteraturliste
Litteraturvitskapleg teori og metode:
om lag 200 sider.
I tillegg kjem 5 skjønnlitterære verk.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.