Moderne japansk historie og historiografi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- JAS302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar¿¿
Kandidaten
- viser forståing for fagfeltet moderne og samtidig japansk historie, inkludert feltets eiga historie og de akademiske og samfunnsmessige forholda det omfattar.
- har byrja å utvikle djupare kunnskap om eit avgrensa forskingsfelt innanfor moderne og samtidig japansk historie.
Dugleikar¿¿
Kandidaten
- er i stand til å gjennomføre et avgrensa, sjølvstendig forskingsprosjekt innan moderne og samtidig japansk historie, ved å nytte passande teoriar, metodar og tolkingar for å formulere problemstillingar og vidare å tileigna seg, syntetisere og analysere dei primær- og sekundærkjeldane som er naudsynte for å belyse slike problemstillingar.
- kan omsetje (frå japansk til engelsk og/eller norsk) materiale frå primær- og sekundærkjelder som er relevant for studiet av moderne japansk historie. I tillegg til de tekniske dugleikane som trengst for konsistente omsetjingar av høg kvalitet, viser kandidatane sensitivitet overfor spørsmål om "kulturell omsetjing», dvs. forsiktigheit ved formidling av dei ekstralingvistiske implikasjonane i omset tekst.
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan diskutere sentrale tema, omgrep, metodar og debattar innan fagfeltet moderne japansk historie, samt bruke denne kunnskapen for å analysere forskingsspørsmål. Kandidaten har den naudsynte kompetansen til kritisk lesing og analyse, og tilstrekkeleg munnleg og skriftleg dugleik i akademisk engelsk til å kunne kommunisere denne kunnskapen og hans videre relevans med fagpersonar og til allmenta.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- Eitt seminar i veka i 12 veker
- 6 forelesningar (asynkrone)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal:
- summere opp kvar vekes pensumtekst med 250 ord eller færre
- leie diskusjonen av minst ei av tekstene
- utføre korte omsetjingar frå japansk til engelsk/norsk av ei historisk primærkjelde frå før 1945 og ei etter
- fullføre ei semesteroppgåve på omlag 3000 ord
Semesteroppgåva blir vurdert formativt og summativt, basert på eit førsteutkast, fagfellevurdering av ein medstudents førsteutkast, og eit endeleg utkast. Fagfellevurderinga vil bli gjennomført i samsvar med eit oppsett bestemt av faglærar. Oppsettet lar studenten bli kjent med beste praksis for slik vurdering.
Alle aktivitetar må fullførast i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i semesteret det er godkjent.
Vurderingsformer
Vurdering gjerast på basis av innlevert mappe. Mappa skal bestå av:
- oppsummeringane frå kvar veke
- alt materiale brukt til leiing av diskusjon
- korte omsetjingar av ei primærkjelde får før og ei etter 1945
- førsteutkastet av semesteroppgåva, fagfellevurderinga, og sisteutkastet av oppgåva
Fullførte omsetjingar skal være på omlag 500-1000 ord.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Engelskspråklege artiklar og utdrag frå særleg innverknadsrike og/eller representative arbeid innanfor moderne japanske historie publisert rundt dei siste 30 åra.
Korte primærkjeldetekster på japansk for omsetjing og analyse vald frå ei liste fastsett av faglærar, eller vald av studenten i samråd med faglærar.
Litteraturlista vil være klar innan 01.07 for haustsemesteret.