Metodar i avanserte Japan-studier
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- JAS304
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk, japansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir ein djupare forståing av skjæringsfeltet mellom historie, kultur og språk, i hovudsak relatert til det moderne Japan. Studenten får også innsikt i ulike forskingsmetoder i historie og språkvitskap knyta opp mot ein japansk kontekst. Emnet tas normalt parallelt med anten LING313 eller HIS309, og skal hjelpe studenten til å nytte kunnskap frå desse generelle metodekursa til studie av spesifikt japanske forhold.
Ved lesing av artiklar, presentasjonar og diskusjonar lærar studenten å bruke kunnskapen deira på forskingsarbeid og kunnskapsproduksjon innan svært spesialiserte fagfelt, og å kommunisere denne kunnskapen både til fagfelle og spesialister på kryss av disipliner.
Læringsutbyte
Kunnskap
Kandidaten
- er kjent med forskings- og skriveteknikkar innan japansk lingvistikk og/eller japansk samtidshistorie.
- har utvikla grundige kunnskapar om spesifikke arkiv, språk-korpus og andre primærkjelder innan forskingsfelt i japansk lingvistikk og/eller historie.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke passande teoriar, metodar, tolkingar, verktøy og ressursar innan eit utvald fagområde ved formulering av forskingsspørsmål.
- er i stand til å utføre sjølvstendig forsking på eit avgrensa felt innan moderne japansk lingvistikk og/eller samtidshistorie, inkludert å søkje fram, syntetisere og analysere primære og sekundære kjelder.
- kan presentere resultata både skriftleg og munnleg til både fagmiljø og ikkje-spesialistar.
Generell kompetanse
Kandidaten
- er kjent med problemstillingar, omgrep, metodar og diskusjonar i delfelt innan moderne japansk lingvistikk og/eller japansk samtidshistorie, og er i stand til å anvende denne kunnskapen i analyser av relevante, faglege problemstillingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Skrive korte samandrag av tekstar som skal lesast kvar veke.
- Lede diskusjonen rundt minst ei av tekstane.
- Oppsummere og presentere innhald frå minst ei av forelesingane ved LING313 eller HIS309.
- Revidere og fullføre beskrivinga av MA-prosjektet, inkludert ei tidleg litteraturgjennomgang og ei tidsplan.
- Holde presentasjon for fagmiljøet, medstudentar og BA-studentar.
- Gjennomføre eit prosjektutkast og få tilbakemelding på det frå medstudentar.
Alle aktivitetar må fullførast i same semester. Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i semesteret det er godkjent.
Vurderingsformer
Ei mappe som inneheld::
- Samandrag av utvalde fagtekstar
- materiale brukt på munnlege presentasjonar
- prosjektbeskriving med litteraturgjennomgang og tidsplan
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
- 2 tekstar for kvar av dei tre undervisarane på programmet, der alle tekstane held høg fagleg kvalitet og representerer forskingsfronten på feltet (til saman 6 tekstar).
- 1-2 tekstar utvald av kvar student, knyta til deira eiga MA-prosjekt.
Litteraturlista vil være klar innan 01.07 for haustsemesteret.