Bacheloroppgåve i journalistikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- JOU290
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målet med dette emnet er å auke studentane sine profesjonsorienterte ferdigheiter og ein medfølgjande analytisk og kritisk kompetanse.
Kurset blir innleia med eit intensivt seminar der studentane vel tema og problemstilling for oppgåva. Studentane få innsikter om skilnader i journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, og korleis det eine kan komplementere det andre.
Deretter skal studentane skriva ei bacheloroppgåve. Her kan studentane enten skriva ei teoretisk oppgåve eller dei kan utvikla eit journalistisk produkt som dei skriv ei refleksjonsoppgåve over.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- har grunnleggande kunnskap om sentrale likskapar mellom journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativt og kvantitativt.
- har brei kunnskap om korleis eit breitt spekter av journalistiske metodar og verktøy kan nyttast i ulike samanhengar, på ulike plattformer.
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, historie, problemstillingar, prosessar og verktøy innanfor fagområdet journalistikk.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan reflektere kritisk rundt bruken av ny teknologi i journalistikk og sentrale dilemma dette fører med seg.
- kan bruke teoretisk og metodisk innsikt til å analysere og drøfte praktisk funderte problemstillingar.
- kan reflektere analytisk og prosessuelt over eigne prosjektdesign og gjennomføring av desse.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan planlegge og gjennomføre journalistisk arbeid åleine eller i grupper, over kortare eller lengre tid og på fleire plattformar og i tråd med yrkesetiske krav og retningslinjer.
- kan formidle sentralt fagstoff og reflektere skriftleg og munnleg over eigne journalistiske tilnærmingar.
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kan bruke kvalifisert journalistisk skjønn.
- kan bruke den journalistiske kompetansen til å søke etter, og formidle, ny kunnskap i ulike fysiske og digitale kontekstar.
- kjenner til nytenking og innovasjon innan fagområdet og kan nyttiggjere seg dette.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
(Første gongen våren 2029)
Undervisningssted
Studiepoengsreduksjon
- MEVI260 (10 stp)
- MEVI265 (30 stp)
- JOU250 (30 stp)
- JOU251 (15 stp)
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking i opningsseminar
- Rettleiing i samband med godkjenning av utgangspunkt og problemstillingar for bacheloroppgåva
Dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve.
Oppgåva kan enten vera teoretisk-analytisk eller den kan vera ei refleksjonsoppgåve basert på eit journalistisk produkt utvikla i kurset.
Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.