Kulturarv: Perspektiv på fortida i den moderne verda
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KARV109
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Dei siste tiåra har kulturarv fått ei stadig meir sentral rolle i mange samfunn verda over. Kulturarv (Heritage Cultures) undersøkjer korleis fortida blir brukt, forstått og forhandla i notida. Emnet gir ei innføring i kulturarv som eit historisk, politisk og sosialt fenomen, og viser korleis kulturarv kan analyserast kritisk ved hjelp av metodar og teoriar frå humaniora.
Emnet tek for seg både bruk og misbruk av historie, og undersøker korleis historie blir tillagt meining og verdi som eit verkemiddel for kollektiv identitet, og korleis ho òg kan bli tatt i bruk og manipulert for politiske formål. Vidare gir emnet ei oversikt over sentrale omgrep knytte til dei ulike formene for kulturarv, samt dei etiske, juridiske, religiøse og politiske rammene som kulturarvinstitusjonar opererer innanfor.
Studentane blir kjende med sentrale praksisar innan kulturarvsforvaltning og formidling. Emnet undersøkjer også betydninga av kulturarv for ulike fellesskap på lokalt, nasjonalt og globalt nivå, og korleis kulturarv både kan vere en kjelde til politiske konfliktar og til kollektiv identitetsdanning. Emnet er særleg relevant for studentar som ønskjer å arbeide i kultursektoren, spesielt med kulturarv og museum.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte, definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten:
- er kjend med dei viktigaste formene for kulturarv og sentrale institusjonar innan kulturarvsforvaltning
- kan gjere greie for sentrale diskusjonar knytte til etikk og kulturarv
- har grunnleggjande kjennskap til sentral terminologi innan kulturarvstudiar
- kan drøfte kjerneproblemstillingar innan kulturarvstudiar både lokalt og globalt
Ferdigheiter
Studenten:
- kan finne, vurdere og vise til relevant vitskapleg litteratur om kulturarv
- kan sjølvstendig utvikle si forståing av kulturarv ved hjelp av relevant faglitteratur
- kan sjå samanhengar mellom kulturarvsterminologi, kulturarvens historie og ulike faglege tilnærmingar
- kan problematisere kulturarvdiskursar og drøfte dei ved hjelp av relevante faglege omgrep
Generell kompetanse
Studenten:
- kan formidle og diskutere sentrale perspektiv innan kulturarvstudiar både skriftleg og munnleg
- kan knyte kunnskap om kulturarvstudiar til eige fagområde og utforme mindre forskingsprosjekt om kulturarv