Introduksjon til kinesisk språk og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å gi studentane grunnleggjande kunnskap om det dynamiske forholdet mellom språk og sosialt liv i den kinesisktalande verda. I dette kurset vil studentane utforske korleis språk fungerer både som eit spegel og ein skapar av sosiale relasjonar, kulturelle verdiar og identitet i Kina. Kurset søkjer vidare å dyrke kritisk medvit om korleis språk blir brukt til å konstruere identitetar, forhandle makt og leggje til rette for sosial interaksjon, inkludert samanhengar mellom språktrekk (lydar, ord, grammatikk) og sosiale faktorar som klasse, kjønn, alder, etnisitet og region. Gjennom førelesingar, lesing, casestudiar og diskusjonar vil studentane få ei innleiande forståing av korleis kinesiske språktrekk er knytte til dei sosiale funksjonane og dei kulturelle tydingane dei har i Kina.

Emnet er passande for dei med minimale forkunnskapar om kinesisk språk og samfunn, og dekkjer emne som utviklinga av kinesisk språkpolitikk, dialektar og regionale språkvariasjonar, språkets rolle i kinesisk kultur og forholdet mellom språk, makt og identitet. Innhaldet i kurset kan variere frå semester til semester.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • utvikla ei generell forståing av korleis språk og samfunn samspelar, med særleg vekt på den kinesisktalande verda
  • tileigna seg spesialkunnskap om grunnleggjande tema innan kinesisk språk og samfunn
  • blitt kjend med utvalde, nyare forskingsresultat og akademiske debattar om forholdet mellom det kinesiske språket og det kinesiske samfunnet

Ferdigheiter

Studenten er i stand til

  • å drøfte korleis kinesisk språkpraksis forheld seg til sosiale fenomen, med omsyn til både kritiske og teoretiske perspektiv
  • å delta i gruppediskusjonar om tema innan feltet

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å kjenne att og reflektere over språkrelaterte spørsmål i samfunnet, og analysere dei frå eit akademisk perspektiv
  • har evna til å uttrykkje akademiske idear om språk og samfunn ved å bruke passande terminologi og bevis

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Gode ferdigheiter i engelsk og noko kjennskap til kinesisk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar: til saman 24 timar fordelt over 12 veker.

Kurset er hovudsakleg undervist på engelsk, med noen analytiske døme og tekstar på kinesisk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på 75 prosent av undervisninga. Studenten må bestå to obligatoriske skriftlege og/eller muntlege oppgåver for å være kvalifisert til vurdering.

Dei godkjente arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Kursvurderinga består av ei rettleidd oppgåve på ca. 3000 ord (±10 %, utan bibliografi og vedlegg). Tema for oppgåva blir valt av studenten sjølv og godkjent av faglærarane. Oppgåva må følgje reglane for akademisk skriving, inkludert oppbygging og korrekt bruk av sitat.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel tiltatne under føresetnad av korrekt bruk av kjede. Det er sjølvsagt at teksten studenten leverer er sin eigen. UiB bruker eletronisk plagiatkontroll av alt vurdert studentarbeid.
Programansvarlig
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for kinesisk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.