Introduksjon til litteratur og filosofi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet fører studentane inn i grunnleggjande tekstar og idéar i kinesisk litteratur og filosofi. Det understrekar korleis desse skriftene speglar kulturelle verdiar, etisk tenking og intellektuelle tradisjonar i Kina.

Studentane vil arbeide med utvalde klassiske og moderne kinesiske tekstar — poesi, essay og utdrag frå filosofiske tekstar — gjennom nærlesing, tekstanalyse og diskusjonar under rettleiing. Kurset er utforma for å vere tilgjengeleg for bachelorstudentar og bidra til utvikling av evna til akademisk forsking og skriving.

Eit hovudmål for emnet er å lære studentane korleis dei skal tenkje og skrive akademisk. Studentane vil få opplæring i kritisk lesing, utforming av argument, og korleis dei skal gi klart uttrykk for ideane sine skriftleg. Dette førebur dei på bacheloroppgåva i det siste semesteret sitt.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til hovudtema og skikkelsar i kinesisk litteratur og filosofi
  • forstår korleis litterære og filosofiske tekstar heng saman med historiske og kulturelle forhold i Kina

Ferdigheiter

Studenten er i stand til

  • å lese og tolke litterære og filosofiske tekstar med omsyn til språk, struktur og innhald
  • å formulere forskingsspørsmål, byggje opp argumentasjon og skrive akademiske tekstar i samsvar med fastsette retningsliner
  • å leggje fram ideane sine tydeleg, både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten

  • kan syne kritisk tenking og reflektert lesing
  • har grunnleggjande kompetanse i akademisk skriving og forskingsmetodikk
  • er i stand til å ta del i kinesiske intellektuelle tradisjonar på ein skolert og kulturkunnig måte

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
God ferdigheiter i engelsk og noko kjennskap til kinesisk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av vekevise samlingar som ein kombinasjon av førelesing og seminar, til saman 2 timar i veka i 12 veker.

I løpet av semesteret vil studentane få systematisk opplæring i akademisk skriving gjennom vekevise øvingar og aktivitetar. Dette omfattar merking av tekst, utforming av argument, medstudentvurderingar, og retningsliner for å sitere— alt utforma for å førebu studenten på den avsluttande bacheloroppgåva og seinare avhandlingar.

Læreverktøy og aktivitetar

  • miniskrivestover
  • medstudentvurderingar
  • øvingar med forskingsstillas / læringsstillas
  • refleksjonstekstar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte til minst 75 % av undervisningstimene og fullføre følgjande obligatoriske oppgåver:

  • Ei munnleg framlegging om vald tekst eller tema
  • To korte skriftlege oppgåver (t.d. svarartikkel, kommentert bibliografi)
  • Eitt rettleiingsmøte for å drøfte den avsluttande oppgåva

Alle obligatoriske oppgåver må vere fullførte i same semester.

Godkjenning er berre gyldig for det semesteret emnet blir undervist i.

Vurderingsformer
Vurderinga består av ei rettleidd oppgåve på om lag 3000 ord (±10 %), utanom bibliografi og vedlegg. Tema for oppgåva må vere knytt til ei tekst eller eit tema som blir omhandla i emnet, og vere godkjent av instruktøren. Oppgåva må følgje reglane for akademisk skriving, inkludert oppbygging og korrekt bruk av sitat.
Karakterskala
Ved sensur av ement nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel tiltatne under føresetnad av korrekt bruk av kjede. Det er sjølvsagt at teksten studenten leverer er sin eigen. UiB bruker eletronisk plagiatkontroll av alt vurdert studentarbeid.
Programansvarlig
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for kinesisk
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.