Praktisk-pedagogisk utdanning 2

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål

Emnet har som mål å gje eit samfunnsorientert, kritisk og etisk grunnlag for utøving av lærarrolla i dag. Det gir kunstfagleg handlingskompetanse i ulike samanhengar, med fokus på danning, mangfald og etikk. Praktisk estetisk arbeid, dømer og kasus bidrar til å utvikle refleksjon. Individuelle, kollektive og studentaktive arbeidsmåtar er viktige deler av emnet. Vekslinga mellom teori og praksis gir grunnlag for bevisste val i utviklinga av eigen undervisningspraksis, i relevante kunstpedagogiske verksemder, med særleg fokus på vidaregåande skule.

Emnet gir innsikt i korleis pedagogiske og didaktiske omgrep kan medverke til refleksjon i kunstfagleg undervising, med skolens samfunnsmandat og verdigrunnlag som viktige moment. Innsikt og kritisk refleksjon om kunnskapsformer og vurderingspraksis i kunstfag også er sentrale tema, som og sjåast i kontekst av makt.

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • Didaktisk lab. knytt til kunstfagleg praksis i vidaregåande skule og andre verksemder
  • skulen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag
  • danning i ulike kunstfaglege kontekstar
  • mangfald, bl.a. urfolksperspektiv
  • kunnskapsformer og vurderingspraksisar i kunstfag
  • profesjonsetikk
  • Formidling (kunst og design)
  • Lytting, samarbeidslæring og sjangerforståing (musikk)

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten...

  1. Har avansert fagdidaktisk kunnskap om undervisning og vurdering i vidaregåande skule, med vekt på lytting, samarbeidslæring og forståing om genre (musikk).
  2. Har avansert fagdidaktisk kunnskap om undervising og vurdering i vidaregåande skule og formidling i ulike kunstpedagogiske arena, som museum og galleriar (kunst og design).
  3. Har brei kunnskap om skulens samfunnsmandat, inkludert relevante lover og planverk, samt profesjonsetikk og ulike tilnærmingar til etikk.
  4. Forstår viktige pedagogiske og didaktiske omgrep som danning, sosialisering og subjektivering i ulike kunstfagpedagogiske kontekster.
  5. Har innsikt i perspektiv og metodar som fremmer inkludering og mangfald, samt kunnskap om urfolksperspektiv og pedagogikk, med særleg fokus på samiske forhold.
  6. Kjenner til historiske og kunnskapsteoretiske perspektiv på tilnærmingar til undervising og vurdering i kunstfaga.

Dugleikar

Studenten..

  1. kan analysere innhaldet i læreplanar og andre styringsdokument i lys av skulens danningsoppdrag og drøfte utfordringar knytt til desse.
  2. kan planlegge, gjennomføre, vurdere, og reflektere over undervising i vidaregåande skule og andre relevante kunstpedagogiske verksemder, og grunngje val med kunnskapsteoretiske perspektiv.
  3. kan utforske, anvende og reflektere over perspektiv for å skape mangfaldige og inkluderande miljø i kunstfagpedagogiske praksisar, først og fremst i vidaregåande skule.
  4. Kan identifisere, analysere og drøfte relevante profesjonsetiske problemstillingar.

Generell kompetanse

Studenten...

  1. kan orientere seg i faglitteratur, kan identifisere, undersøke, analysere og kritisk drøfte problemstillingar knytt til skulen og utøving av lærarrolla i ulike kontekstar.
  2. kan med stor grad av sjølvstende problematisere og vidareutvikle kunnskap innanfor lærarprofesjonen.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
ingen
Studiepoengsreduksjon
ingen
Krav til studierett
Studierett hjå Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vert gitt i form av forelesingar, seminarundervisning, gruppearbeid, verkstader, utøvande verksemd, diskusjonar og presentasjonar. I emnet vert det lagt vekt på studentaktive arbeids- og undervisingsformer - i forelesingar, i arbeids-/ ideutviklingsverkstader, i gruppearbeid og individuelt.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna eit fokus på studentaktive arbeidsformer er all undervising obligatorisk, og fråvær på meir enn 20% førar normalt til tap av eksamensretta.

Det er eit obligatorisk arbeidskrav i emnet: munnleg presentasjon knytt til eit undervisingsopplegg

Vurderingsformer
Skriftleg praksisrefleksjon (ca. 3000 ord)
Karakterskala
Gradert skala: A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i samsvar med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for det fagleg innhaldet og oppbygginga av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og tilhøyrande emne.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for kunst, design og musikk v/ Fakultetsadministrasjonen har det administrative ansvaret for studieprogrammet.