Statistikk for kognisjonsforsking
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- KOGSTAT
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk; engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan kognitiv vitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar, og parametriske og ikkjeparametriske testar.Studentane vil bli kjende med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil. Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for evaluering av statistisk signifikans og relevans. Undervisninga er lagd opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for kognisjonsvitskap ved hjelp av relevante eksempel. Dei skal òg kunne velje ein riktig statistisk test.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar om...
- statistiske begrep, teknikkar og modellar
- god praksis for statistisk analyse av eksperimentelle data innan kognitiv vitskap
- teoriar og konvensjonar innan statistisk analyse
- analytiske modellar.
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- lese og tolke statistiske analysar
- formidle statistisk arbeid og resultat
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- velje korrekte testar for enklare eksperimentdesign
- ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
- sette inn statistisk analyse i ein relevant fagleg samanheng
- forberede eksperimentelle design som er eigna for statistisk analyse.
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
God forståing av grunnleggjande matematikk.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, sjølvstudium og øvingar. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal verte dekte av førelesningar og seminar; eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og øvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og bestått 80% av dei (opp til 5) obligatoriske oppgåvene.
Informasjon om oppgåvene og prosedyrar/fristar for innlevering vert kunngjort på Mitt UiB.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen på 3 timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum på omlag 350 sider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i trad med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret for lingvistikk, i samråd med programstyret for kognitiv vitskap
Emneansvarlig
Programstyret for språkvitskap, i samråd med programstyret for kognitiv vitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium