Casestudier i kontroversielle tema
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- KONMAU601
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet belyser eit utval av kontroversielle tema gjennom case-studiar. Målet er å gi studentane faglig fordjupning i korleis kontroversar oppstår og utviklar seg både historisk og i samtida. Studentane skal utvikle innsikt i korleis ulike politiske, kulturelle, religiøse og sosiale faktorar påverkar kva som blir oppfatta som kontroversielt, og lære å analysere og drøfte slike prosessar på ein kritisk og reflektert måte.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har djupnekunnskap om dei casane som blir tatt opp i emnet
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar kontroversielle tema, og faktorar som påverkar kvifor bestemte tema blir oppfatta som kontroversielle
Ferdigheter
Studenten
- kan analysere og forklare kvifor bestemte tema blir oppfatta som kontroversielle
- kan skrive faglege og ressonerande tekster som drøftar kontroversielle tema
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla analytisk kompetanse til å kritisk drøfta dei casane som blir tatt opp i emnet
- kan nytte kunnskapar og ferdigheiter frå emnet til å analysere andre eksempler på kontroversielle tema
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Fullført og bestått KONTMAU600
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Opptak til erfaringsbasert master i undervisning om kontroversielle tema med fordjuping i historie eller religion.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar og førelesingar. Undervisninga vert organisert som 3 samlingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To obligatoriske oppgåver på om lag 500 ord.
Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 samlingar.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i tre semester: undervisningssemesteret og dei to neste.
Vurderingsformer
Muntlig eksamen på inntil 30 minutt.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust: Det er eksamen i påfølgjande semester for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.