Områdestudium med bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- KUN256
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet går ikkje våren 2025.
Emnet er eit fordjupingsemne i kunsthistorie. Med utgangspunkt i eitt område sin kulturtradisjon vil emnet gi fordjupning i særskilde kunsthistoriske tema knytt til kunst, visuell kultur og arkitektur. Føremålet med emnet er å gje kunnskap om sentrale kunstnarlege uttrykk og verk, og å drøfte korleis desse er knytta til og får meining i og med den kulturelle konteksten. Sentralt i emnet står ein ekskursjon. Aktuelle reisemål kan til dømes vere København, Stockholm, Helsinki, Roma, St. Petersburg, Athen, Istanbul, Wien, Paris, London, Berlin, Barcelona, Amsterdam, New York. Sentrale verk og faglege problemstillingar vert presenterte gjennom førelesningar på ekskursjonsstaden. Deltaking på ekskursjonen kan innebere egenandel for studentar. Studentar som ikkje har høve til å reise, deltek på førelesingar og seminar lokalt.
Læringsutbytte
Etter å ha fullført emnet har studenten
- Kunnskap om sentrale arkitektoniske verk, museum, monument og sentrale tendensar i biletkunsten i det aktuelle området.
- Innsikt i dei mest relevante omgrep, teoriar og kunsthistoriske metoder ein nyttar for å forstå kjende og ukjende verk frå det aktuelle området i historisk, kulturell og geografisk samanheng.
Ferdigheiter
Etter å ha fullført emnet kan studenten
- analysere kunst, visuell kultur og arkitektur frå området på ein sjølvstendig måte med utgangspunkt i relevant litteratur.
- gjere greie for og bruke sentrale omgrep og teoretiske rammer som er relevante for å forstå området sin visuelle kultur og kunst i moderne og samtidig historisk samanheng.
Generell kompetanse
Etter å ha fullført emnet kan studenten
- Reflektere kritisk kring kunsthistoriske og kulturhistoriske spørsmål
- Skrive ein lengre analytisk tekst med utgangspunkt i akademiske reglar og normer
- Førebu ein munnleg presentasjon av relevant fagstoff
- Arbeide med eit sjølvstendig prosjekt der ein skal utforske kunsthistorisk materiale
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det krevst 80 % deltaking på førelesningar, seminar og på all undervisning under ekskursjonen/lokalt seminar. Studentane skal halde eit munnlegg innlegg på ekskursjon/lokalt seminar, og aktivt delta i diskusjonar. Obligatorisk munnleg innlegg blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til individuell rettleiing ein gong. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt blir publisert på Mitt UiB
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret