Innføring i kulturvitskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- KUVI100
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet tar sikte på å gi ei innføring i kulturvitskaplege perspektiv og problemstillingar. Emnet skal gi studentane kunnskapar dei kan byggja på ved seinare spesialisering og fordjuping.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane tileigna seg kunnskapar om utvalde kulturelle tema. Dei har også fått grunnleggjande innsikter i kulturvitskaplege tenkjemåtar.
Ferdigheiter
Studentane har tileigna seg oversikt over viktige tema i faget og kan skriva ein resonnerande tekst som omhandlar desse temaa.
Generell kompetanse
Studentane kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn innafor fagområdet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levera to utkast til ei seminaroppgåve. Faglærar gjev to tilbakemeldingar på innleverte utkast. Frist for innlevering av utkasta vert kunngjort på Mitt UiB.
Obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ei vurdering av ei skriftleg seminaroppgåve. I oppgåva skal studenten analysera eit aktuelt eksempel med utgangspunkt i kulturvitskapeleg arkivmateriale. Lengda på oppgåva skal ikkje overstiga 2000 ord. Frist for innlevering av oppgåva vert kunngjort på Mitt UiB.
Ein føresetnad for å få oppgåva vurdert er at studenten har levert to utkast og har teke imot to rettleiingar på desse utkasta.