Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Menneske kommuniserer i stor grad gjennom forteljingar. Studiet av forteljingsstrukturar og former eller sjangrar gir derfor eit innblikk i korleis menneske forstår og fortolkar verda rundt seg. Emnet gir ei innføring i kulturvitskaplege teoriar som kan brukast til å forstå korleis vi fortel, korleis vi presenterer oss sjølve gjennom forteljingar og korleis omverda blir fortolka gjennom forteljingar. Det blir gjort gjennom ein introduksjon til ein 200 år lang forskingstradisjon frå brørne Grimm og Asbjørnsen og Moe sine innsamlingar av eventyr og segner, til studiet av forteljeformer som vandresegner og konspirasjonsteoriar til studiet av forteljing og sjølvpresentasjon i sosiale medium i dag. Emnet gir både ei innføring i studiet av innhald og form i forteljingar, og korleis forteljingar blir framført i kvardagslivet. Forteljingar blir alltid formidla gjennom eit medium, som stemma, boka, TV og internett. I dette emnet blir det lagt vekt på korleis ulike medium påverkar forteljinga si form, innhald og sosiale betyding.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har innsikt i korleis menneske forstår og fortolkar verda gjennom forteljingar.
  • har grunnleggjande kunnskap om forteljingsteori.
  • har kunnskap om både kulturhistoriske og kulturanalytiske forteljingsanalysar.
  • har kunnskap om forteljingsstrukturar, sjangrar og framføringsmåtar.
  • har grunnleggjande forståing av kva slags posisjon forteljingar har i mediesamfunnet i dag.

Ferdigheiter

Studenten

  • har eit grunnlag for å utføre narrative analysar av tekst, tale eller andre forteljande medieuttrykk.

Generell kompetanse

Studenten

  • har ei forståing av omgrep og teoretiske perspektiv som er grunnleggande i kulturvitskapen, og som kan brukast nokså allment som reiskap til å forstå kulturelle fenomen i fortid og notid.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen.

Anbefalte forkunnskaper

Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning blir gitt gjennom forelesingar. Seminar vert gitt dersom det er ressursar til det. Undervisninga går føre seg i første del av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av  ei praktisk oppgåve, til dømes ei videooppgåve på 3-5 minuttar, eit refleksjonsnotat på inntil 500 ord eller liknande.

Oppgåva er gyldig i det semesteret ho vart godkjend.

Vurderingsformer

Eksamen er ei mappeoppgåve, beståande av tre delar, på til saman om lag 3000 ord. Dei ulike deloppgåvene vil bli tilgjengeleg til fastlagde tider. Mappa skal leverast samla i oktober. 

Deloppgåvetekstane vert gitt på norsk. 

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista er på om lag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Administrativt ansvarlig

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.